Hopp til innhold

Åtte personar blir tiltalt i tabloidskandale

Åtte personar blir tiltalt for avlytting av mellom anna «Svennis», Angelina Jolie, Jude Law og ein avdød 13-åring.

Rebekah Brooks

Rebekah Brooks har hatt fleire toppstillingar i Murdoch-eigde News International. Ho er ein av åtte som no blir tiltalt i News of the World-skandalen.

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

Milly Dowler

Britisk politi meiner fleire av dei tiltalte har ansvar for avlyttinga av Milly Dowler sin telefonsvarar.

Foto: Ap
Sven Goran Eriksson er bitter på engelske aviser og FA.

Sven Göran ”Svennis” Eriksson er ein av dei som skal ha blitt avlytta av tabloidavisa.

Foto: MATT DUNHAM / AP

Til saman åtte personar kjem til å bli tiltalt i avlyttingskandalen i den tidlegare tabloidavisa News of the World, opplyser påtalemyndigheten i England og Wales, the Crown Prosecution Service.

Sju av desse er tidlegare tilsette i tabloidavisa News of the World. I tillegg blir Glen Mulcaire sikta, då han som privatdetektiv skal ha bistått avisa i avlyttinga.

I den foreløpige tiltalebeslutninga blir ei rekke kjendisar nemnt. Påtalemyndigheitene meiner at mellom anna Sven Göran «Svennis» Eriksson, Jude Law, Sienna Miller, Sadie Frost, Wayne Rooney, Angelina Jolie og Brad Pitt er blitt avlytta av tilsette i News of the World.

Avlytta sakna 13-åring

Mellom dei åtte som kjem til å bli tiltalt er Rebekah Brooks. Ho var redaktør i News of the World i 2002, året då journalistar i tabloidavisa skal ha avlytta telefonsvararen til 13-årige Milly Dowlers.

Då Milly Dowlers vart meldt sakna skal journalistar ha hacka seg inn på telefonsvararen hennar, avlytta desperate talemeldingar som kom inn, og sletta dei når innboksen var full. Slik skal dei ha gjeve falskt håp til familien om at Milly Dowler var i live.

Avsløringa av Dowler-saka var starten på slutten for News of the World. Det viste seg at avisa hadde avlytta ei rekke kjendisar, i tillegg til pårørande etter London-bombene i 2005.

Tette band til Cameron

Rupert Murdoch eigde taboidavisa News of the World, som vart lagt ned i juli i fjor. Murdoch har måtta betala dyrt for avsløringane, han har måtte stå skulerett for høyringar i det britiske parlamentet, samt gått glipp av eit oppkjøp av TV-giganten BskyB.

Les meir: Murdoch trekker budet på BSkyB

Saka er pinleg for Storbritannias statsminister David Cameron. Ein av dei som blir sikta, Andy Coulson, har tidlegare arbeidd som mediesjef for Cameron.

David Cameron har dessutan tette band både til Rupert Murdoch og Rebekah Brooks. Saka har starta ein heftig debatt om kva som bør vera grensene mellom politikk og media i Storbritannia.

Andy Coulson

Andy Coulson har mellom anna jobba som mediesjef for statsminister David Cameron.

Foto: Oli Scarff / Ap

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.