Hopp til innhold

Livet, Døden, Sognefjorden og Kjærleiken – Eit portrett av Ragnar Hovland

60 år og meir enn 40 bøker etter at han kom til verda i Bergen, snakkar forfattar Ragnar Hovland om seg sjølv og mykje anna. Og så spelar han Kraftwerk på ukulele.

Ragnar Hovland
Foto: Herborg Pedersen

– Eg har vel sagt at eg ikkje ville klare å skrive ei heilt alvorleg bok, men det ville eg klart. Det ville ikkje vore så vanskeleg heller, trur eg, men det ville vore for enkelt. Viss eit tema er alvorleg nok, toler det å ha ei humoristisk tilnærming.

Ragnar Hovland har alltid likt seg i bakgrunnen. Han held alltid tilbake, og likar å omgi seg med eit slør av mystikk. Han observerer meir enn han debatterer. Han pratar gjerne, men tek ikkje ordet først. Han viser helst kven han er gjennom bøkene sine, eller gjer han det?


Unik posisjon

Ragnar Hovland er ikkje den mest leste forfattaren i Noreg, men han har blant dei mest dedikerte lesarane, og han blir gjerne omtala som Noregs einaste nolevande kultforfattar. I løpet av dei meir enn tretti åra han har gitt ut bøker, har han sett tydelege spor og fått mange svært dedikerte tilhengarar.

– Det var ikkje meininga det skulle bli slik. Eg har jo alltid hatt ein slags outsider-posisjon i forhold til den norske mainstreamen. Eg blir gjerne sett på som lett og overfladisk, og er ikkje mat for litteraturprofessorar. Eg høyrer ikkje naturleg heime naturleg i nokon av dei litterære strømningane som har vore dei seinare tiåra. Men eg er ikkje misforstått, seier Hovland.

Tilbake i Sogn

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland etter utdelinga av kritikerprisen i 2007 da han fekk prisen for beste barne- og ungdomsbok for boka «Fredlaus».

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

I 1963 flytta familien Hovland til Luster i Sogn. Ragnar var 11 år, og sonen til den nye presten i bygda.

– Luster var den tredje plassen eg budde. Eg blei godt motteken, men det føregjekk mystiske ting på kveldstid som eg ikkje var inkludert i. Som når jenter og gutar møttest på kveldstid. Slikt måtte eg finne ut av sjølv.
– Kva gjorde du når du ikkje fekk vere med?
– Eg gjekk vel kring og sparka småstein. Sprang meg nokre 60-metrar. Hoppa på eit isflak eller to. Sat inne med ei bok.

Ragnar Hovland lærte å lese då han var fem år gamal, og i Luster las han ut alle bøkene på det lokale biblioteket.

Hovland oppdaga etterkvart at han likte å skrive og teikne, og som sjuåring sprang han til bonden på nabogarden for å fortelje at han skulle bli diktar.

80-tallssentimentalist, allround-vestlending, vestlandscowboy - Kjært barn har mange merkelappar, og i Ragnar Hovland sitt tilfelle har han dikta opp fleire av dei sjølv.

– Det har eg fått angre bittert på. Folk tek ting for seriøst. Berre ein ser alvorleg ut, trur folk på det som blir sagt.


Finn Tokvam fyl Ragnar Hovland tilbake til Luster, og besøkjer han heime blant bøkene, ukulelane og minna på Nordberg i Oslo. Det blir ein samtale om Livet, Døden, Sognefjorden og Kjærleiken.

Høyr portrettet av Ragnar Hovland på NRK P2 laurdag kl. 10.03 og søndag kl.21.03.

Dokumentaren er laga av Finn Tokvam. Teknisk regi ved Tormod Nygaard. Konsulent Kari Hesthamar.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.