Hopp til innhold

Perspektiv-prisen til Sidsel Wold

NRKs korrespondent i Midtausten, Sidsel Wold, er tildelt Perspektivprisen for 2011. Prisen blir delt ut av Flyktninghjelpen.

Video Sidsel Wold om situasjonen i Egypt

NRK-korrespondent Sidsel Wold er tildelt Perspektivprisen for 2011.

Foto: Nyhetsspiller

Prisen har fått namnet sitt frå utanriksmagasinet Perspektiv , som blir gitt ut av Flyktninghjelpen . Prisen blir delt ut for første gong i år.

- Eg set stor pris på denne utmerkinga, særleg når eg veit at det var i sterk konkurranse med så gode kandidatar, seier Sidsel Wold. Ho vil gjerne dele æra med dei ho samarbeider med, spesielt fotografen Mohammed Alayoubi, som ho arbeider saman med i arabiske land.

- Fremje nye perspektiv

- Vi ynskjer å gå bak nyheitsoverskriftene og fremje nye perspektiv på internasjonale konfliktar, kriger og humanitære kriser. Vi håpar at denne prisen kan vere med på å stimulere og auke innsatsen til journalistar, forskarar, kulturmedarbeidarar, forfattarar og andre som engasjerer seg på den utanrikspolitiske arenaen, seier ansvarleg redaktør i Perspektiv, Erik Giercksky.

Kristin Clemet

Kristin Clemet er ein av jurymedlemene.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

I statuttane heiter det at prisen blir tildelt personar eller organisasjonar som gjennom stor innsats det siste året har utmerka seg, anten ved å formidle internasjonale nyheiter eller ved å setje internasjonale spørsmål i eit nytt perspektiv.

- Dette er svært oppmuntrande og motiverande. eg set stor pris på grunngjevinga til juryen, seier Sidsel Wold. Ho avsluttar sin periode som NRK-korrespondent i Midtausten i august. Ho blir erstatta av Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

- Innsiktsfull og engasjerande

I grunngjevinga frå juryen heiter det blant anna at sidsel Wold har klart å formidle den kompleksen røyndomen i Midtausten på ein innsiktsfull og engasjerande måte.

- I tillegg til å skildre og analysere politiske og sosiale forhold, har ho også gitt menneska i regionen eit ansikt og ei stemme. Dette har ho gjort utan å late eigne meiningar og kjensler prege reportasjane, seier jurymedlem Kristin Clemet. Ho delte ut prisen på vegner av juryen på ei tilstelling i Litteraturhuset i Oslo i kveld.

I tillegg til Kristin Clemet var desse med i juryen: Kristin Clemet, Kate Hansen Bundt, Siri Lill Mannes, Stein Ørnhøi og Erik Giercksky.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.