Hopp til innhold
Anmeldelse

Pass deg for den europeiske våren

Med den arabiske våren i friskt minne, kan ein vente seg litt av kvart frå ein roman med tittelen «Den europeiske våren». Og ganske riktig: Her får Europa køyrt seg.

Kaspar Colling Nielsen

Kaspar Colling Nielsen skildrar eit framtids-Europa du neppe har lyst til å leve i.

Foto: Pressebilde

Den danske forfattaren Kaspar Colling Nielsen har sin eigen måte å skildre den nære framtida på: Han set det på spissen, gjer det røft og boltrar seg i grenseoverskridingar på alle område. Resultatet er sprikande; ulike deler av romanen kjempar med kvarandre. Men moro er det, og på sitt beste er romanane hans både tankevekkjande og riktig ubehagelege. I fjor kom den første romanen hans, «Den danske borgerkrig 2018-24» på norsk. I år kjem «Den europeiske våren».

Handlinga i denne nyaste kan kort rissast opp som livet i to enklavar eller gettoar: Den eine i Mosambik, der danske muslimar er deportert i titusenvis etter valdelege konfliktar i danske byar. Den andre ligg på Lolland, der kapitalsterke investorar har bygd opp ein nostalgisk idyll basert på økologi og berekraft, mens kremen av innbyggjarane forskar på dronar og radikal livsforlenging. Dessutan på intelligens hjå robotar og dyr.

Rundt den eine enklaven er det gjerde så folk ikkje skal sleppe ut. Rundt den andre er det gjerde slik at ingen uvedkomande skal sleppe inn. Og så er vi i gang.

Sex, drugs og ei skjor

I persongalleriet er det tre som peiker seg ut: Den tidlegare pønkaren, no galleristen Stig. Vidare den aldrande kunstnaren Christian med umetteleg appetitt på svært unge kvinner, jo fleire jo betre. Til slutt William. Skjora som forskarane har utstyrt med menneskeleg intelligens og talegåver, som han mellom anna bruker til å levere ei rasande ideologikritisk lesing av Ole Brumm i beste postkoloniale stil: William hevdar at alle dyra i denne klassikaren blir skildra som om dei hadde diagnosar. Ingen er riktig kloke i hundremeterskogen.

William er ein fest. Venskapen mellom han og hunden Jack er den mest rørande relasjonen i boka, men sjølv om eg ser den tynne tråden mellom dei to sjarmørane og dyreforsøk, så er dei i feil roman.

Slepper grepet for tidleg

«Den europeiske våren» køyrer nemleg ganske intenst på problemsporet: Her er forsking utan etiske retningsliner, her er rike menneske som samlar seg bak høge gjerde, her er politikarar som løyser storbyproblem med tvangsdeportasjon og væpna soldatar i gatene. Det er her det svingar: Forfattaren greier å vise fram problema gjennom eit fargerikt og temmeleg nærsynt persongalleri.

Under lurer eit dystert syn både på samfunnsutviklinga og mennesket: Teknologien styrer i stort, driftene i smått. Integritet og moral kan kjøpast, berre summen er stor nok. Det finst ei bortforklaring for alle synder. Her -i alvoret- finst det stor humor som er forankra i tematikken. Synd derfor, at forfattaren sporar over i sjarmøretappar heller enn å forfølgje spørsmåla sine vidare. Det kunne ført han frå å vere ein god forfattar til å bli ein stor forfattar.

Passar for deg som:

  • har eit lyst og optimistisk syn på framtida

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.