Hopp til innhold

Dette er mordaren i «Påskekrim­lekene»

Kjendisane nærmar seg fasiten på kven den mystiske mordaren i «Påskekrimlekene» er!

I «Påskekrimlekene» har desse kjendisane konkurrert mot kvarandre i Markus Nebys absurde aktivitetar.

Den som gjorde det dårlegast, skulle gå ut av konkurransen på ein morbid måte. Dei blei nemleg drepne av ein ukjent mordar.

Det starta med ti kjendisar, no er det berre tre igjen. Kven får leve, og kven må døy? Og ikkje minst – kven er mordaren?!

No kjem svaret!

Røpevarsel! Avsløringar frå dagens episode av Påskekrimlekene etter dette punktet!

Natt til sjølvaste påskeaftan, hadde mordaren vore på ferde igjen.

Som vanleg blei kjendisen som gjorde det dårlegast i konkurransen dagen før, drepen.

Slik såg åstaden ut:

Det viste seg at det var Kåre Magnus Bergh som blei drepen. Spidda gjennom hovudet av ein skistav.

Han er den sjuande kjendisen som har døydd på høgfjellshotellet.

Påskekrimlekene 2024 Arman Surizehi drept av billige spillkort

Arman Surizehi døydde av papirkutt forårsaka av billige spelkort.

Påskekrimlekene 2024 Rikke Iskasen brent til døde av høyfjellssolen

Rikke Isaksen blei brent til døydde av høgfjellssola.

Påskekrimlekene 2024 Anette Trettebergstuen overspist på godteri

Anette Trettebergstuen døydde av tvangsfôring med påskegodteri

Påskekrimlekene 2024, Henrik Asheim død av rævkrok

Henrik Asheim blei revkroka i hel.

Påskekrimlekene 2024, Esben Selvig død av å ligge for lenge i trekken.

Esben «Dansken» Selvig blei tvinga til å ligge i trekken og fraus i hel.

Påskekrimlekene 2024, Mari Bella død

Mari Bella blei hakka i hel av påskekyllingar.

Påskekrimlekene 2024, Kåre Magnus Bergh er død

Kåre Magnus Bergh blei spidda gjennom hovudet av ein skistav.

Tre kjendisar kom til finalen. Ole Henry Snildalsli, Kristine Grændsen og Lena Kristin Ellingsen. Den neste og siste oppgåve var klar – finn ut kven som er mordaren.

Eit siste hint låg ved liket til Kåre Magnus. Denne gongen var det ein lapp.

Her kan du sjå alle åtte hint om kven mordaren er:

Hint 8 Påskekrimlekene 2024, en lapp der det står: Jeg er en klassiker

Episode 8: Ein lapp der det står: «Jeg er en klassiker»

Påskekrimlekene 2024, hint 7

Episode 7: Tala 0 og 2.

Påskekrimlekene 2024, hint episode 6. En lapp der det står "Jeg har tre navn"

Episode 6: Ein lapp der det står: «Jeg har tre navn»

Påskekrimlekene 2024, hint 5

Episode 5: Ein lapp der det står: «Jeg er en forfatter»

Hint fra Påskekrimlekene episode 4. En medalje

Episode 4: Ein medalje

Hint fra Påskekrimlekene episode 3. En lapp med teksten Jeg er en okse og en tiger

Episode 3: Ein lapp der det står: «Jeg er en okse og en tiger»

Hint fra Påskekrimlekene episode 2. En flaske med matolje

Episode 2: Ein opna flaske med sesamolje.

Hint fra Påskekrimlekene episode 1. En lapp med teksten Jeg elsker å bygge og renovere

Episode 1: Ein lapp der det står: «Jeg elsker å bygge og renovere»

Alle attlevande kjendisane skulle gjette ein gong kvar, til ein gjetta riktig. Det var det Lena Kristin Ellingsen som gjorde, og vann fyrste utgåve av «Påskekrimlekene».

Mordaren reiste seg frå stolen, og avslørte sin identitet og kva hinta betydde.

Ole Henry Snidalsli og Kristine Grændsen måtte som eit resultat bli mordarens siste offer. Dei blei twista i hel på golvet.

Gjennom påsken har du hatt moglegheita til å gjette på kven mordaren er. No har vi trekt tre vinnarar av ein Påskekrimlekene-kopp! Gratulerer!

  • Nila R. Helgeland
  • Ketil Andre Laupsa
  • Christian W. Granberg
Premien du kan vinne om du finner morderen i Påskekrimlekene!

Premien for å gjette riktig er ein «Påskekrimlekene»-kopp!

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters