Hopp til innhold

Kåre Magnus Bergh i nytt reality-program: – Eg tippar eg ryk tidleg

Kåre Magnus Bergh, Kristine Grændsen og Arman Surizehi er blant kjendisane som skal konkurrere i Markus Nebys nye påskekrim-reality.

Kristine Grændsen, Kåre Magnus Bergh og Arman Surizehi

Kristine Grændsen, Kåre Magnus Bergh og Arman Surizehi

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Eit vakkert høgfjellshotell, snødekte vidder og mordmysterium er ingrediensane i det nye NRK-programmet «Påskekrimlekene».

Ti kjendisar skal konkurrere i ulike påskerelaterte konkurransar, og den som tapar ryk ut.

Men i dette programmet skjer det med ein liten tvist. Det er nemleg slik at den som gjer det dårlegast i konkurransane blir «drepen» av ein mordar.

Som i ein Agatha Christie-roman får vi fleire og fleire hint gjennom veka om kven som står bak drapa.

Til slutt står det éin vinnar igjen, og forhåpentlegvis eit svar på mordmysteriet.

Desse er med:

Kåre Magnus Berg ser inn i kamera. I bakgrunnen ser vi snødekte fjell.

KÅRE MAGNUS BERGH (45): Den kjente NRK-programleiaren er med på reality-TV for fyrste gong.

Kristine Grændsen smiler i fjellvakre omgivelser.

KRISTINE GRÆNDSEN (31): Skodespelar og komikar Grændsen er eit kjent fjes for mange. Ho har spelt i fleire norske seriar, deriblant «Basic Bitch» og «Dummedag». Ho håpar ho kjem langt nok i «Påskekrimlekene» til at ho klarer å løyse mordmysteriet.

Arman Surizehi smiler mot kamera med snødekte fjell i bakgrunnen

ARMAN SUREZEH (43): Komikar og skodespelar Arman Surizehi er kanskje best kjent gjennom TV-seriane «Norsk-ish», «Nach» og «Arman Show». Han har også vore med i «71 grader nord - Norges tøffeste kjendis».

Mari Bella fotografert ute i vakre vinteromgivelser.

MARI BELLA (19): Mari Bella har, trass i sin unge alder, blitt eit kjent namn i musikk- og underhaldningsbransjen. Som 15-åring vann ho Idol som tidenes yngste nokonsinne. Ho har også deltatt i MGP, og i haust kom ho til finalen i «Stjernekamp».

Ole Henry Snilsdalsli har på seg raud vinterjakke og er fotografert ute i vinterlege omgjevnadar.

OLE-HENRY SNILDALSLI: Den 25 år gamle komikaren var sist å sjå i «Ikke lov å le på hytta» på VGTV, der han vart publikumsfavoritt. Nå er han spent på korleis han vil klare seg i «Påskekrimlekene».

Anette Trettebergstuen smiler mot kamera med fjell i bakgrunnen

ANETTE TRETTEBERGSTUEN (42): Politikar og tidlegare kultur-og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) gjer sin reality-debut i «Påskekrimlekene».

Esben «Dansken Selvig» smiler mot kamera med snødekte fjell i bakgrunnen

ESBEN «DANSKEN» SELVIG (45): «Dansken», kjent som frontfigur i Klovner i Kamp har skyhøge forventningar: – Eg trur det blir spennande og utmattande, og eg er allereie livredd for å ryke ut.

Rikke Isaksen fotografert i vinterlige omgivelser i Telemark.

RIKKE ISAKSEN (28): TV-profil Rikke Isaksen (28) har dei siste åra vore med i ei rekke realityprogramm som «Ex on the Beach», «Kompani Lauritzen» og «71 grader nord - team». Ho er også fiskar og deler mykje av kvardagen sin på Instagram og TikTok.

Henrik Asheim ser inn i kamera. I bakgrunnen er det snødekte fjell.

HENRIK ASHEIM (40): Henrik Asheim, politikar og 1. nestleiar i partiet Høgre, er ikkje i tvil om kva hans største styrke er: – Eg er best på påskekos. Alt som handlar om å male påskeegg, spele kort og slik, der kjem eg til å gjere det bra.

Foto: Per Christian Lind / Magga&Anders
Lena Kristin Ellingsen fotografert ute i snødekte omgivelser

LENA KRISTIN ELLINGSEN (43): Skodespelaren har gjort ei rekke roller i teater, film og TV. Ho var sist å sjå i dramakomedien «R.I.P. Henry» på Viaplay, og humorserien «Olympiatroppen» på NRK.

Overleve på middelmåtigheit

Kåre Magnus Bergh har aldri vore med på reality-TV før, og innrømmer at han ikkje har høgt konkurranseinstinkt:

– Eg tippar at eg ryk ganske tidleg, fordi det er veldig typisk meg, humrar han.

Også skodespelar og komikar Kristine Grændsen er blant deltakarane som skal bryne seg på Markus Nebys oppgåver:

Eg sa ja til å vere med fordi eg er veldig glad i påske. Det er ein gøyal og passe avslappa høgtid. Og så er eg veldig glad i påskekrim, seier ho.

Trass i det har ho ikkje særleg høge forventningar til seg sjølv.

Eg trur ikkje eg kjem til å vinne, men her kan ein overleve på å vere heilt middelmåtig. Og det er eg god på – i alle fall når det kjem til konkurransar, seier Grændsen med glimt i auget.

Kristine Grændsen blir filma

Kristine Grændsen blir filma om boka ho les.

Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen er blant deltakarane i Påskekrimlekene.

Arman Surizehi i påskeprogram

Arman Surizehi, Henrik Asheim og dei andre deltakarane i påskesola.

Lena Kristin Ellingsen

Lena Kristin Ellingsen gjer seg klar for oppgåve.

Ole Henry Snildalsli

Ole-Henry Snilsdalsli vart publikumsfvoritt da han var med på «Ikke lov å le på hytta». Korleis vil det gå denne gongen?

Tuddal Høgfjellshotell

«Påskekrimlekene» går føre seg på Tuddal Høgfjellshotell i Telemark.

Komikar Ole-Henry Snilsdalsli har også ei audmjuk tilnærming til det heile:

– Praktiske og fysiske ting er eg veldig god på. Men om det kjem ting eg burde kunne, for eksempel geografispørsmål, da kjem eg til å slite, for det er eg veldig dårleg på, seier han.

Gal og genial

Artist Esben «Dansken» Selvig hadde ikkje tenkt å bli med på reality-TV, men det var før han fekk invitasjon frå Markus Neby.

– Eg synest Neby er ufatteleg morosam. Han er i skjeringspunktet mellom gal og genial. Det er dei folka eg liker best, seier «Dansken».

Markus Neby

Markus Neby inviterer til påskeaktig moro på høgfjellet i Telemark.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Politikar Anette Trettebergstuen ser fram til leikane på påskefjellet:

Eg håpar at eg held så lenge som mogleg, for eg har ikkje lyst til å døy her, fortel ho.

Kva seier du til dei som synest det er rart at politikarar er med på reality-TV?

– Er ikkje det berre koseleg da? avsluttar ho.

«Påskekrimlekene» har premiere laurdag 23. mars på NRK.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor