Det siste året har Bjørn Peder Johansen (34), arbeida målbevisst med sitt sjølvfinansierte prosjekt. Med ei heilt rykande fersk plate "Underveis" er han klar for å selje den ut til plateselskapa.
- Eg håper sjølvsagt at det er nokon som vil at fleire skal høyre dette, så eg får berre stå på.
Erfaren musikar
Brønnøyværingen er for tida busett i Oslo og arbeider som sjukepleiar. Når det gjeld musikk er han derimot ingen nybegynnar. Han har spelt og sunge i band sidan tenåra. Med søster og countryartist Anne Kristin ute i bransjen frå før veit han det meste om kva som trengst for å satse.
Bjørn Peder kjem frå Brønnøysund og skriv gjerne om den vakre heimplassen.
- Eg har snakka mykje med henne og veit kva eg går til. Dessutan har eg gjort ein god del for henne, både som låskrivar og som musikar.
Gode kontaktar
"Underveis" er ei visepoplate. Det meste av plata er spelt inn i USA i fjor. Andre del av plata vart spelt inn i Oslo med Mari Boine bassist Schein Schults, Geir Ormøy på trommer og Terje Kjørlaug på gitar. Musikarane frå USA er i verdsklasse med namn som Shane Theriot frå Neville Brothers og trommis i "Highway 101" Cactus Mooser.
Claudia Scott er og ein viktig person på plata. Scott som for tida bur i USA, hjelpte til på siste del av innspelinga med produksjon av vokal og ikkje minst gav ho gode råd.
- Claudia vil eg gjerne rette ein stor takk til. Det var svært mykje som ho har gjort på denne plata. Utan henne hadde eg definitivt ikkje vore så nøgd, poengterer Bjørn Peder.
Definitivt på norsk
For Bjørn Peder er det "singer/songwriter" tradisjonen som ligg nærmast. Tidlegare skreiv han mest på engelsk, men no er det norsk det går i.
- Det er det vanskelegaste utan tvil. Eit blodslit utan like. Melodiane kjem så lett som berre det. Når ein skriv på norsk vert det med eitt vanskelegare.
- Kvifor det?
I studio under arbeidet til plata "Underveis"
- Det er meir personleg. Alle høyrer kva du syng om. Det sett så store krav til innhald.
Solgangsbris
P1 demo har vald ut "Solgangsbris" frå plata til Bjørn Peder. Ein enkel visepopmelodi som handlar om det å lengte heim.
- Ja det er ein song om korleis det er å bu i ein by og tenke på heimstaden din. Legg merke til måkeskriva på slutten der. Dei er sjølvsagt ekte og er frå måken Jakob?
- Ja vel?
- Det er ein liten måke som har vore fast inventar utanfor huset til mor mi dei siste 15 åra. Eg tok med ein minidisk og tok opp lyd frå han. No blir han og kanskje berømt, humrar Bjørn Peder.
Av