- Det er ei ære å vera programleiar for Norge Rundt. Det er ikkje småtteri å skulle gje bortimot ein million TV-sjåarar ein god start på helga, seier Øystein – utan at han let sjåartala og ansvaret tynge meir enn det bør.
Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK.
Til vanleg er Øystein programleiar på radiosendingane til NRK Hedmark og Oppland.
Seglar på Mjøsa
Øystein Skotte (39) er oppvaksen på Vinstra og busett på Lillehammer. Slik sett er han ein ekte gudbrandsdøl. Men det er lenge sidan han oppdaga at verda er meir enn eit dalføre på Austlandet og at havet er større enn Mjøsa.
Øystein har reist både mykje, langt og lenge; særleg i Asia og Midt-Austen. Nå er han familiefar og reisinga avgrensar seg til feriar og småturar til besteforeldre og Legoland og slikt. Eller ein segltur på Mjøsa.
Slepp unna skigåinga
Programleiarjobben i Norge Rundt inneber at Øystein i vinter bur tre månader i Bergen. I motsetnad til Lillehammer er byen mellom dei sju fjell ikkje kjent for å ha spesielt godt skiføre.
- Eg klagar ikkje. Eg har aldri vore nokon stor skiløpar. Den kalde vinteren på Lillehammer er det eg minst av alt kjem til å sakne, seier han.