Med svært så bra plate-sal etter ei veke på listene, er Lene Marlin på full fart framover også ute i Europa. I går kveld viste Noregs poppyngling seg fram for fransk presse, bransje og trufaste fans.
Ho har for så vidt gjort det før i Frankrike. "Playing my game" selde til saman 700 000 plater i Italia og Frankrike. Skal ein tru franske journalistar kan det bli meir denne gongen.
Marknadsføring
Representantar frå musikkaviser, fagblad og tv var på plass i Cina Club. Konserten føregjekk i kjellaren til klubben som ligg like ved Bastilleplassen, eit svært så populært område for klubbentusiastar i Paris.
Mathias Abiker i TV-kanalen MCM, Frankrikes svar på MTV, seier til VG at det heile handlar om å vise seg fram.
- Ho kan bli ein endå større artist enn sist. Men alt dette handlar om marknadsføring. Der må ho bli betre.