Hopp til innhold

Trass påståtte overgrep: – Eg elska Michael Jackson

Dei to mennene var små born då dei var åleine med popkongen fyrste gong. Lenge nekta dei for at dei var utsette for seksuelle overgrep. No fortel dei noko heilt anna i ein ny dokumentar.

Leaving Neverland

Wade Robson møtte Michael Jackson fyrste gong då han vann ein dansekonkurranse i heimlandet Australia. Året var 1987, guten var fem år og besett av albumet Thriller.

Leaving Neverland
Foto: Amos Pictures

To år seinare besøkte familien Robson California. Dei tok kontakt med Michael Jackson og fekk oppfylt ein draum – popstjerna inviterte dei til å bu i Neverland.

Frå fyrste natt delte Wade Robson og systera rom åleine med Jackson, fortel han til The Guardian. Foreldra overnatta i gjestehuset.

Omstridt dokumentar

Robson fortel om sin relasjon til popikonet Michael Jackson i den kontroversielle dokmuentaren «Leaving Neverland». Den går på lufta på NRK søndag. Saman med James Safechuck rettar Robson sterke skuldingar om korleis den verdskjende songaren utnytta dei seksuelt.

Det var omtrent på same tid James Safechuck også fekk sitt fyrste møte med det store popidolet. Han var blant dei heldige som var med i ein reklamefilm for Pepsi saman med songaren. Deretter stod moglegheitene i kø.

Då Michael Jackson la ut på Bad-turneen, var ti år gamle James Safechuck og familien med. Ingen reagerte på at tiåringen sov åleine på hotellrommet til popstjerna. Foreldra sov like nede i gangen – smigra av luksus og gåver.

– Det at han ville vere vår venn, vi var... herregud, kor heldig er ikkje vi? Vi fekk fly fyrste klasse og limousinar venta på flyplassen. Det var eit liv for dei rike og berømte, fortel mora til Safechuck, Stephanie, i dokumentarfilmen, ifølgje The Guardian.

Inngjekk «ekteskap»

Wade Robson snakka alltid varmt om Jackson både privat og offentleg då han var yngre. Han var open og genuin om deira vennskap. Ein gong fortalde han dette om vennen:

– Det var mange gongar det berre var meg og Michael. Og andre gongar hadde han andre venner over også. Det var berre eit slumber-party, vi hadde det ofte kjekt, fortalde Robson.

Dei såg teiknefilmar, åt junkfood og spelte videospel i senga til Jackson. På utsida såg det ut som rein idyll. Bak leiken seier han i dag at det gjekk føre seg omfattande seksuelle overgrep.

I den kontroversielle dokumentaren fortel James Safechuck om då han «gifta seg» med Michael Jackson som 11-åring. På soverommet til verdsstjerna utveksla dei lovnad om evig truskap og ringar.

– Det kjentest godt. Og ringen er fin. Den har ei rad med diamantar, bryllaupsringen. Det fortel James Safechuck i filmen, ifølgje Vanity Fair.

Michael Jackson var i 2005 tiltalt for utuktig omgang med mindreårige. Først fire måneder etter rettssaken mot han startet, var Jackson en fri mann.

Michael Jackson var i 2005 tiltalt for utuktig omgang med mindreårige. Først fire måneder etter rettssaken mot han startet, var Jackson en fri mann.

Nekta for overgrep

I 1993 starta politiet etterforsking av Michael Jackson. Skuldingane om seksuelle overgrep kom då 13 år gamle Jordan Chandler varsla. Den gongen nekta både James Safechuck og Wade Robson for at dei var utsett for overgrep.

– Saka var på nyheitene døgnet rundt og det var stor merksemd frå heile verda. Eg var redd livet mitt ville vere over, seier Safechuck i eit intervju til Oprah Winfrey.

Oprah-intervju

Wade Robson og James Safechuck blei intervjua av Oprah Winfrey om dokumentaren «Leaving Neverland».

Winfrey spør Robson om kvifor han heldt fram med å bruke tid med Jackson om han vart utsett for overgrep.

– Eg forstod ikkje at eg vart misbrukt. Eg elska Michael. Eg hadde ikkje tankar i hovudet om at noko med Michael kunne vere gale. I mange år var alt Michael gjorde riktig i mine auge, seier Robson i intervjuet.

Tapte i retten

Men etter kvart gjekk også Wade Robson til sivilt søksmål mot Michael Jackson. 1. mai 2013 saksøkte han songaren for seksuelt misbruk. Mange vart overraska, for Robson hadde forsvart Michael Jackson då tidlegare skuldingar mot popstjerna kom.

Familien til Jackson meinte skuldingane handla om pengar. To år seinare landa retten på at Robson hadde venta for lenge med skuldingane sine.

Opna auga då dei fekk eigne born

James Safechuck og Wade Robson har begge fått eigne born. Det var fyrst då dei skjønte kor sårbare dei hadde vore. Då klarte dei også å fortelje eigne historier til familie og terapeutar.

– Då sonen min fylte sju år blei eg takksam og letta. Eg visste at han var mykje tryggare enn det eg var, seier Robson til The Guardian.

James Safechuck innrømmer til avisa at det har vore tøft å fortelje historia i dokumentaren. Det er framleis vanskeleg å høyre musikken til Michael Jackson.

– Eg trur ikkje det går ein dag utan at eg høyrer ein av låtane. Du går ut og tar ein drink med ein venn, du prøver å slappe av og så kjem han plutseleg på. Kvar einaste gong er det vanskeleg. Det blir enklare, men det er framleis vanskeleg, seier Safechuck til Vanity Fair.

Skeptisk til dokumentar

I HBO-dokumentaren som blir vist på NRK søndag, skuldar dei to mennene Michael Jackson for seksuelle overgrep over fleire år i barndommen.

Safechuck seier han lenge har vore skeptisk til å fortelje si historie i dokumentaren «Leaving Neverland».

– Eg var redd historia skulle får eit sensasjonspreg. «Er denne regissøren berre ute etter å sette saman noko som folk vil sjå fordi det er Michael? Eller er det nokon som vil fortelje historia til dei som overlever misbruk og korleis det er?», seier han til AP.

Wade Robson, dokumentarfilmskapar Dan Reed og James Safechuck

Wade Robson, dokumentarfilmskapar Dan Reed og James Safechuck fortel om dokumentaren «Leaving Neverland».

Foto: Taylor Jewell / AP

Familien til Michael Jackson nektar for at skuldingane stemmer og har varsla søksmål mot HBO på 100 millionar dollar. Dei meiner skuldingane om pedofili frå Robson og Safchuck er drive fram av eit ynskje om pengar og berømmelse.

CBS-intervju med brødrene Jacki Jackson, Marlon Jackson, Tito Jackson og nevø Taj Jackson.

CBS-intervju med brødrene Jacki Jackson, Marlon Jackson, Tito Jackson og nevø Taj Jackson.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.