Hopp til innhold

Obiora-saka til scenen

Politiet er skeptisk til at Nordic Black Theatre lagar teaterstykke basert på Obiora-saka.

Obiora-demonstrasjon

Obiora-saka har vekt sterke kjensle.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

- Det vil være svært uheldig om dette blir eit politisk teater for å fremstille ei enkelt vinkling, seier Arne Johannesen, leiar i Politiets Fellesforbund.

Arne Johannessen i Politiforbundet.

Arne Johannessen i Politiforbundet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

 

På veg til Strasbourg

Sivilombodsmannen har sagt han vil sjå på Obiora-saka, og det blir også snakka om å ta saka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Johannessen fryktar difor at ei skeiv framstilling kan få store konsekvensar.

Til NRK Kulturnytt påpeikar Arne Johannesen at saka har vært prega av at mange aktørar har hatt behov for å fortelje sin versjon, og at saka har hatt sterke politiske dimensjonar.

- I denne saka har vi i ein del samanhengar sett svært sterke ytringar og lite respekt for rettssystemet, seier han.

Ønsker debatt

Cliff Moustache i Black Nordic Theatre avviser at dei skal opptre som dommarar. Han håper at teaterstykket skal skape debatt.

- Det er viktig å spørje kva slags samfunn vi lever i og korfor denne episoden enda som den gjorde.

Moustache beskriver stykket som eit fiksjons-dokumentasjonsteater.

- Vi har allereie starta researcharbeid. No har vi ein dramatikar som reiser mellom Oslo og Trondheim for å snakke med dei som kjende Obiora.

Betent sak

Norsk-nigerianaren Eugene Obiora døydde i 2006 etter eit basketak med politiet i Trondheim. Saka har vore etterforska av mellom andre Spesialeininga for politisaker, men blei lagt bort i fjor grunna mangel på bevis.

Ifølgje nettstaden scenekunst.no har dramatikaren Ingeborg Eliassen arbeidd med manus sidan oktober, og teaterkompaniet leitar no etter ein etnisk nordmann som mellom anna skal spele politimann.

Det er ikkje første gong ei kriminalsak blir teaterstykke. Sogn og Fjordane teater laga eit stykke om kva som skjedde då 17 år gamle Arve Beheim Karlsen drukna i Sogndalselva i 1999, og saka mot Fredrik Fasting Torgersen har vore iscenesett fleire gonger.

 

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.