Hopp til innhold

Nytt album får hyllest utanlands, men slakt i Noreg

Medan Taylor Swift-albumet «Midnights» blir hylla utanlands, er norske musikkmeldarar tilbakehaldne med rosen. – Skandaløst svakt, seier éin kritikar.

Taylor Swift

Det nye albumet til Taylor Swift skal ha blitt strøyma over 284 millionar gonger. Her er artisten under Nashville Songwriters Association International 2022.

Foto: Terry Wyatt / AFP

Taylor Swifts tiande album «Midnights» har gjort ho til den mest strøyma artisten nokosinne.

Av internasjonale medium blir det hylla:

Britiske The Guardian gir plata toppkarakter, den toneangivande musikknettstaden Pitchfork gir albumet sju av ti, medan tidsskriftet Rolling Stones er overtydd om at albumet må sjåast på som ennå ein klassikar frå Swift.

Men i Noreg har musikkmeldarane vist seg å vera eit tøffare publikum enn dei internasjonale kollegaene deira.

– Skandaløst svakt

Artisten har med det nye albumet slått sin eigen rekord frå 2017. Plata er nemleg den einaste sidan albumet hennar «Reputation» som har seld éin million eksemplar den fyrste veka.

«Midnights» blei gitt ut natt til fredag og slo rekorden på berre tre dagar, ifølgje Variety.

Musikkmeldar Audun Vinger i DN er i Noreg åleine om å kalla albumet ein av årets aller beste popalbum.

Robert Hoftun Gjestad i Aftenposten meiner albumet startar lovande, men ender med å vera gjentakande og kjedeleg. Han gir det terningkast 3.

Hardast i dommen er musikkmeldar i NRK P3, Espen Borge, som meiner albumet er «skandaløst svakt». Han trillar terningkast 2.

Borge synest det er vanskeleg å svara på kvifor det er så store sprik mellom norske medium og amerikanske og britiske medium. Men han synest det er eit gjentakande mønster.

– Eg har lagt merke til at Rolling Stone og The Guardian gir gode kritikkar ofte, dei er kanskje veldig glade i store artistar, og glade i å rosa det etablerte. Det er jo berre spekulasjon. Men eg føler ikkje at dei er så veldig på søken etter nye impulsar.

– Noko grunnleggande som skurrar

Gapet mellom norske og utanlandske meldingar er også noko musikkprodusent Pia Skevik i NRK P1 har bite seg merke i.

På Facebook har ho delt meldinga til Rolling Stone av Swifts album, der ho blant anna skriv følgande:

«Umogleg ikkje å elska folk som (verkeleg) veit kva dei snakkar om, og ikkje berre prøver å måla nedlatande pastellfornærmingar for å vere kulast i klassen.»

Pia Skevik støtter Taylor Swift
Foto: Skjermdump

Ho er ueinig i trearen frå Aftenposten, men tykkjer meldinga er grundig og sakleg. Det saknar ho i meldinga til Borge.

Det er noko grunnleggande som skurrar når P3 sin Borge startar slaktet sin med å innrømma at han verken har høyrd særleg mykje på Taylor Swift tidlegare eller likar ho spesielt godt i utgangspunktet.

Starten av meldinga som Skevik refererer til lyder slik: «Taylor Swift (32) var aldri min favorittartist på 2010-tallet. Hun låt strømlinjeformet, uoriginal og føreseieleg.»

Borge sjølv meiner det er irrelevant å samanlikna 2010-talets Swift med dagens Swift.

– Dei to førre albuma hennar, «Folklore» og «Evermore», som eg synest er veldig gode og gav terningkast 5, det er dei eg samanliknar med. Ho har blitt ein mykje meir interessant artist dei siste ti åra, og då blir det stilt litt andre krav, seier han.

«Guteklubben halvgrei»

Skevik trur ikkje Swift har fått eit sterkt nok fotfeste i Noreg til å bli tatt på alvor av det ho kallar «guteklubben halvgrei».

– Eit interessant unntak er DN sin Audun Vinger, som i alle fall etter meir enn 20 år som musikkmeldar står igjen som den einaste eg har lese som ikkje éin gong har prøvd å slå ironisk karrieremynt på å slakta nokon i kraft av at det er populært, seier ho.

Både Gjestad og Borge avviser at meldingane deira er påverka av all populariteten til albumet.

Robert Hoftun Gjestan i Aftenposten

Musikkmeldar og journalist Robert Hoftun Gjestad i Aftenposten.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Sånn kan ein jo ikkje halda på, me må jo forholda oss til produktet. Eg har ikkje noko behov for å vera kontrær. Det gjer jo ingenting at me meiner forskjellig. Eg prøver å ikkje ha bestemt meg før eg startar på ei melding, seier Gjestad.

Borge peikar på at musikken til Swift har ei brei målgruppe.

Eg skjønar at den kritikken kan rettast mot gamle gubbar som sit og melder ungdomsmusikk. Men eg føler ikkje Swift sin berre er ungdomsmusikk lenge. Eg legg mykje stoltheit i meldingane mine med å vera objektiv, seier Borge.

– Tendens til å vera kritiske til popmusikk

Erik Rydning står bak musikkpodkasten Popstalgi og er ikkje forundra over at det spriker mellom norske og utanlandske meldingar.

Skjermdump frå Erik Rydning sin Instagram-story. Her skriv han over eit bilete av P3-meldinga: "Fascinerende sur stemning her"

– Før albumet «Folklore» var det ikkje særleg anerkjent blant musikkjennarar å lika Swift. Etter det har det snudd, og folk har fått augo opp for tekstforfattarskapet hennar.

Han synest norske musikkmeldarar har ein tendens til å vera for kritiske til popmusikk.

I likskap med andre meldarar meiner Rydning at «Midnights» smeltar saman «Folklore» og den meir «poppete» Swift som ein kjenner frå tida før «Folklore».

– Kanskje det er difor det tek tid før musikkmeldarar kan lika det. Eg trur albumet kan vera med på å få augo opp for popmusikk og for kva det kan vera.

Erik Rydning

KRITISKE: Rydning meiner norske musikkmeldarar av og til er for kritiske til popmusikk.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Ikkje framand for kontrovers

Taylor Swift har vore hovudpersonen i fleire kontroversar. Den mest kjende som har følgt ho lengst, er kanskje det turbulente forholdet til Kanye West.

Feiden mellom dei to strekk seg tilbake til 2009, då Kanye West bestemde seg for å avbryte Swifts takketale under MTV Awards.

No har fans har spekulert i om Swift kjem med eit spark tilbake til det no skilte ekteparet Kim Kardashian og Kanye West på den nye låten «Vigilante Shit». Der syng Swift blant anna:

«Now she gets the house, gets the kids, gets the pride / Picture me, thick as thieves with your ex-wife.»

Høyr også:

Kulturstrøm

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP
  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm