Hopp til innhold

NRK beklagar bildebruk i Brennpunkt-dokumentar

Bilde som blei brukte i Brennpunkt i førre veke, viser seg å vere tekne i ein annan samanheng. NRK beklagar måten desse blei brukt på.

Koffert med penger

Dette bildet av ein koffert full med pengar blei brukt i dokumentaren, og har fått mange til å reagere. Brennpunkt beklagar at dei ikkje var tydlegare på at dette var bilde nettverket la ut som skrytebilde.

I dokumentaren «Lykkelandet» viste Brennpunkt korleis bakmenn i eit stort rumensk nettverk tener millionar på prostitusjon, narkotika og vinningskriminalitet i Bergen. Dokumentaren vakte debatt etter visinga i førre veke.

Men no viser det seg at enkelte av bilda er fleire år gamle, og kan kome frå heilt andre stader i verda enn Bergen, skriv Bergens Tidende.

– Underleg

Ken Henry Nøkling var truleg ein av dei første som reagerte på bilda. Han søkte bilde etter at han hadde sett dokumentaren. Han seier til BT at det er underleg at ikkje andre journalistar har gjort dette før:

– Eg såg bilda av kofferten, og då eg blåste det opp, såg eg at det var mange euro. Det er jo berre å høgreklikke på bildet og sjå etter liknande bilde på Google. Då dukka det opp fleire eksempel.

Opplysningane førte til mange reaksjonar på sosiale medium. Fleire meinte dette skada dokumentaren:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

I går kveld la Brennpunkt også ut eit svar på kritikken, der dei vedgår at dei burde ha sjekka opphavet til skrytebilda betre:

–Burde ha vore tydlegare

Redaktør i Brennpunkt, Odd Isungset, seier dei har brukt to år på å kartlegge eit rumensk kriminelt nettverk i Bergen. I arbeidet har dei blant anna gått gjennom store mengder med bilde og videoar som rumenarane sjølve har lagt ut på Facebook.

Odd Isungset

Redaktør i Brennpunkt, Odd Isungset, seier dei vil ha ein gjennomgang av dei andre bilda som er brukte i dokumentaren for å finne opphavet til desse.

Foto: Chris Aadland

– På dei fleste bilda i materialet er aktørane sjølve med, og skryt av kor mykje pengar dei tener på verksemda. Bilda folk har reagert på er skrytebilde der dei skriv at dette er kjøleskapet deira. Vi burda ha vore tydlegare på at dette er skrytebilde, seier Isungset.

Han skulle gjerne ha vore denne saka forutan, og vedgår at det kan vere med å skade truverdet til dokumentaren.

– Vi har fått ei ripe i lakken. Men hovuddokumentasjonen og konklusjonen står ved lag. Vi har vist at det står eit kriminelt nettverk, fordekt som tigging, i Bergen. Og eg ser også at mange på sosiale medium no skriv at dette er lite samanlikna med det som er avslørt.

Kulturstrøm

  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP