Hopp til innhold

Norske ørneungar blir skotske

I sommar skal Newton få vere med på eit kjempespanande prosjekt.

Solveig Hareide

Solveig Hareide med ein utstoppa ørn, men snart skal ho få møte levande ørn for første gong.

Foto: NRK

Vi skal få bli med ein ørneforskar og hente inn ørneungar utanfor Bergen, og så sende dei til Skottland kor dei skal bli sett fri. Solveig skal sjølv få plukke havørnungane ned frå reira, og følge dei over til det nye landet deira kor det nesten ikkje fins havørner.

Reir med fleire ungar

Det høyres kanskje litt stygt ut å stjele ørneungar. Men vi skal aldri ta alle ungane frå eit ørnereir. Viss det er to ungar der tek vi berre den eine, og viss det er eit einebarn lar vi den vere i fred. Den ungen du kan følge direkte på Newton si nettside fekk ingen bror eller syster, så han skal bli i Noreg. Men i eit par av naboreira håper vi å finne store nok familiar til at vi kan ta med ein.

Dei som får bli med blir tatt godt hand om av fugleekspertar. Og naturen i Skottland er perfekt for havørner, så dei vil sikkert få det topp.

Havørnungane skal til Skottland

Skottland har kjempelyst å få havørna tilbake sidan den høyrer til i den flotte naturen der. Grunnen til at den døydde ut var forureining og at folk fekk lov å skyte den. Når dette endeleg vart ordna opp i var det allereie for seint. Men no kan vi hjelpe. I Noreg er det 3500 hekkande par havørner, mens i Skottland er det berre 45 (som har blitt sendt frå Norge tidlegare). Sidan vi har så mange hjelper vi fleire land med å få tilbake havørna.

Sjå kordan det går med dei reisande ørneungane på Newton til hausten.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.