Hopp til innhold

Norsk selskap satsar på 3D-lyd

Det norske plateselskapet 2L gir i desse dagar ut verdas første Blu-ray med 3D-lyd. – Ein leik med framtida, seier 2L-sjef Morten Lindberg.

Morten Lindberg

Morten Lindberg riggar under innspelinga med Trondheimsolistene.

Foto: Steinar Larsen

Trondheimsolistenes Blu-ray «Souvenir», med musikk av Peter Tsjajkovskij og Carl Nielsen, inneheld ikkje berre stereolyd og surround- eller 5.1-lyd, men også spor i lydformatet Auro-3D, som inneber 9.1-lyd – for avspeling i ni separate høgtalarar.

– Vi famlar framleis med omgrepa

Når ein vel å kalle det nye lydformatet «3D-lyd», reknar ein vanleg stereolyd som eindimensjonal, medan surroundlyd med høgtalarar på sidene og bak lyttaren vert rekna som todimensjonal. 3D-lyd inneber at ein også tek i bruk høgdedimensjonen.

Ved avspeling av 3D, eller «9.1-lyd», er fire høgtalarar plassert over dei andre fem i «vanleg» 5.1-surroundavspeling. Omgrepa er ikkje endeleg spikra, forklarer Morten Lindberg i 2L:

– Perspektiva er så ferske i ein kommersiell samanheng at vi som produsentar framleis famlar med omgrepa, seier Lindberg til NRK.no.

– Surround med høgde, 3D-lyd og sfærisk lyd er ulike alternativ, men eg trur 3D-lyd er eit dekkjande omgrep for alle variantar.

Auro-3D

Ein illustrasjon av lydformatet Auro-3D, med fire ekstra høgtalarar i høgda.

Foto: 2L/Galaxy Studios

– Eit tillegg for eit svært eksklusivt publikum

Morten Lindberg ser ikkje for seg at dei nye systema for 3D-lyd får stor utbreiing i dei tusen norske heimar med det første:

– Det er 5.1 surround og stereo som er grunnformatet i våre produksjonar – alt ut over dette er en leik med framtida, seier han.

– For den tradisjonelle musikkmarknaden er 5.1 framleis ein høg terskel. Men heimekino er i sterk vekst, og mange har oppdaga moglegheitene dette gir for musikkopplevinga. Når vi no også implementerer høgdeformatet, er dette eit tillegg for et svært eksklusivt publikum.

Trondheimsolistene

Frå innspelinga av «Souvenir» i Selbu kyrkje.

Foto: Morten Lindberg

Først og fremst aktuelt for kinoanlegg

Sjølv dei mest dedikerte lydfrikane vil ikkje få fullt utbytte av 2L-innspelinga på denne sida av nyttår. Det er først og fremst i kinosamanheng konseptet er interessant i første omgang:

– Utstyr som kan dekode 9.1-lyd vil truleg ikkje vere tilgjengeleg for vanlege forbrukarar før godt inn i neste år. I første omgang vil formatet verte demonstrert i kinoanlegg over heile verda.

Kinoar er no i ferd med å teste ut neste generasjon av surroundlyd. I tillegg til belgiske Galaxy Studios' Auro-3D er amerikanske Dolby på banen med sitt Dolby Atmos. 2Ls innspelingar vil fungere også i sistnemnde system:

– Kvart merke vil bruke sine eigne algoritmar for å pakke data, men innhald produsert i ekte 3D vil i stor grad vere kompatibelt med dei fleste variantar, seier Morten Lindberg.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.