Hopp til innhold

Inga oversikt over stolne kunstskattar

Noreg er eitt av få land utan oversikt over stolen kunst. – Me er eit gunstig land for kunstkriminelle, meiner auksjonarius.

Ranet av Skrik og Madonna sommeren 2004.

Så ille kan det gå. Tjuvar kunne august 2004 spasera rett ut av Munch-museet med måleria «Skrik» og «Madonna». Kunst- Noreg ventar no på eit samla register over stolen kunst.

Foto: Stringer / SCANPIX

– Det hadde vore mykje lettare om me kunne sjekka bileta opp mot eit sentralt register, seier kunsthandlar Knut Forsberg.

På bakrommet i Blomquist Kunsthandel i Oslo heng ei lita samling maleri. Til hausten skal dei under hammaren på auksjon. Men, Knut Forsberg kan ikkje vera hundre prosent sikker på at ingen av kunstskattane er stolne.

Daglig leder ved Blomquist Kunsthandel i Oslo, Knut Forsberg.

Knut Forsberg, kunsthandlar.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX
Terje Moland Pedersen

Statssekretær Terje Moland Pedersen vil venta med nytt register.

Foto: John Petter Reinertsen
Hans Richard Elgheim og Madonna

Auksjonarius Hans Richard Elgheim meiner manglande register gjer det lettare å omsetja stolen kunst.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Når me får inn bilete til auksjonar sjekkar me dei opp mot vårt eige private register, seier Forsberg.

Dette registeret er basert på e-postar og beskjedar som han har fått frå publikum om gjenstandar som er stolne.

– Registeret vårt er garantert mangelfullt, men er betre enn ingenting, seier den erfarne kunsthandlaren.

Register kjem tidlegast i 2014

Dei fleste land i Europa har oppretta register der forhandlarar kan sjekka om kunsten dei får inn er tjuvgods eller ikkje.

Noreg er etternølar. Justisdepartementet har no bestemt seg for å venta til 2014 med å innføra eit register over stolne kunst- og kulturgjenstandar.

Statssekretær i Justisdepartementet, Terje Moland Pedersen, seier dei vil venta til politiet sitt nye og omfattande straffesaksregister er på plass.

– Då er det naturleg å behandla kunstregisteret i den same prosessen, seier Moland Pedersen.

– Lettare å stela i Noreg

– Dette er byråkratisk argumentasjon frå departementet. Hadde dei teke situasjonen på alvor, hadde dei etablert kunstregisteret med ein gong, seier auksjonarius Hans Richard Elgheim.

Han hevdar at det er enklare å stela og omsetja kunst i Noreg enn i andre europeiske land.

– Mine europeiske kollegaer forstår ikkje kvifor me ventar med å få på plass eit kunstregister. Spesielt ikkje når dei ser dei siste kunsttjuveria som har skjedd i Noreg, seier Elgheim.

For å unngå å auksjonera vekk stolen kunst, brukar Elgheim mykje tid på å snakka med og kartlegga nye kundar og seljarar.

– Men det er sjølvsagt grenser for kor langt ein kan gå i ein slik kontroll, seier han.

Høyr saka frå Kulturnytt her:

Har venta lenge

– Dette registeret har me diskutert og etterlyst i mange år, seier Marianne Gjertsen, formann i Norges kunst- og antikvitetshandleres forening.

Gjertsen seier at kunsthandlarane i dag brukar internasjonale register, som Art Loss-registeret i London og Interpol sine register.

– Men me saknar eit nasjonalt register, seier Gjertsen.

Kinakunst på avvege

Knut Storberget

I 2005 kjempa justisminister Knut Storberget for eit nytt kunstregister. No vil han venta til 2014.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Natt til måndag 20. desember braut tjuvar seg inn på Permanenten ved Kunstmuseene i Bergen. Dei stal med seg 39 gjenstandar frå Kina-samlinga.

Tjuveriet i Bergen, omtala som «det verste sidan Munch-ranet», er det siste dømet på kunstskattar som ikkje er komne til rettes. Desse gjenstandane kan stå i fare for å bli omsett i mangelen av et kunstregister.

– Me har vurdert å laga eit midlertidig kunstregister. Men det ville ikkje ha vore eit fullverdig system, og det kunne ha forstyrra prosessen med det nye systemet, seier Moland Pedersen.

Kuriøs kriminalitet?

Då Knut Storberget sat i opposisjon i 2005 etterlyste han sjølv eit sentralt kunstregister, og ba Bondevik 2-regjeringa om å ta kulturkriminalitet på alvor.

– Eg trur me alt for lenge har sett på slik kriminalitet som meir kuriøs. Me tek enno ikkje inn over oss alvoret, sa Storberget i 2005, kort tid før han sjølv vart justisminister.

Likevel kjem kunstregisteret først tidlegast i 2014, og det uroar kunsthandlar Knut Forsberg.

– 2014 er veldig lenge til i verda vår.

LES OGSÅ:

Munch-bildene "Skrik" og "Madonna"

To av Noreg sine største kunstskattar: måleria «Skrik» og «Madonna» av Edvard Munch. Kunstekspert meinar at det er enklare å stela og omsetja kunst i Noreg enn i andre europeiske land.

Foto: Oslo Kommune

Kva meiner du? Sei di meining her!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters