Dei nominerte til Noregs einaste dramatikarpris, Ibsenprisen, vart presentert i Skien i dag.
Blant 41 manus, har juryen nominert dei tre følgjande til prisen for sine nyskrivne teaterstykke:
- Espen Aukan, for stykket Snehvit, urpremiere på Brageteatret 16. oktober 2009.
- Kate Pendry, for stykket Erasmus Tyrannus Rex, urpremiere på DUS – Den Unge Scenen 9. mai 2009.
- Lars Saabye Christensen, for stykket Chet spiller ikke her, urpremiere på Nationaltheatret 2. september 2009.
Ibsenprisen på 150.000 kroner, og vert delt ut av Skien kommune. Sidan 1986 har prisen vorte delt ut til ein norsk dramatikar, anten for eit nytt verk eller for eit samla dramatisk forfattarskap.
I fjor gjekk prisen til Christopher Nielsen for stykket Verdiløse Menn.
Vinnaren av Ibsenprisen 2010 vert annonsert og delt ut av kulturminister Anniken Huitfeldt i Skien den 8. september.