Hopp til innhold

Når Golfstrømmen finner nye veier

Hva skjer når Golfstrømmen svekkes. For det gjør den - i følge klimamodellene - med en tredjedel. Særlig vil økt tilførsel av ferskvann til nordområdene få store konsekvenser, i følge foredragsholder Helge Drange. Han er leder ved Nansensenteret og Bjerknesenteret i Bergen, et av landets største klimaforskningsmiljøer

Eg er av dei som ser klårast – og vidast – med lukka auge.

Når eg så svevar under himmelkvelvinga – og det skjer ikkje så sjeldan – er det eit område på jorda som skil seg ut. Som oasar flest er det nok av vatn dit eg ser. Men det er ikkje vatnet som skil dette området frå alt anna. Det særmerkte er kombinasjonen av høg temperatur, grønt hav og vatn.

Området eg ser på har ein årstemperatur som er 10-15 grader over middeltemperaturen for tilsvarande breiddegradar. Vintertemperaturen er endå meir spesiell – han kan nå så mykje som 25 grader over middeltemperaturen. Tenk på det – tjuefem grader!

En klima-oase

Og havet er grønt, svært så grønt. Her finst eit av dei mest produktive havområda vi kjenner til; om våren om sumaren buktar myriadar av planteplankton seg langsmed kystar og i ope hav, driven av storstilte havstraumar på veg frå sør til nord, omgjeven av næringsrikt havvatn, bada i sol døgeret rundt. Ikkje rart dette er paradis på jord for alger som Emiliana huxleyi, Skeletonema costatum, eller kva dei no heiter algane vi berre ser fargen av.

Området eg kvilar augo på er – utan samanlikning – den største klima-oasen som jorda kan visa til. Denne oasen har vore livsgrunnlaget for eit utal generasjonar menneskje – frå veidefolket som streifa langsmed kystane då isen trekte seg attende for meir enn 10.000 år sidan – og fram til vår eiga tid.

Klimaoasen eg snakkar om er avgrensa av Island og Færøyane i sør, av Svalbard og Barentshavet i nord, av Noreg i aust, og godt ut i havet – nesten mot Grønland – i vest.

I dag tenkjer vi ikkje så mykje – om i det heile – på det å ha rikeleg med vatn, på temperaturar som gjev velvære året rundt, på all fisken i havet og dei grøne kystane omkring. Vi tek vêr og vind og hav og land for sjølvsagt, og vi ønskjer å tru at slik vil det også vera når vi ser fram i tid.

Og kanskje vert det slik – men eg er ikkje så sikker på dette lenger.

100 år frem i tid

Men ein ting er eg sikker på, og det er at eg ikkje vil få sjå verda ved neste hundreårsskifte. Eg runda nemleg 42 år for ikkje så lenge sidan. Men skulle eg få koma attende til jorda i år 2100 – som snarast og på lån – og kunne eg få velja – ville eg ha sjekka korleis det stod til med Golfstraumen og forlenginga av denne langs norskekysten og inn i Barentshavet; korleis det var med havisen i Arktis; eg ville teke meg ein tur til den veldige iskappa på Grønland og til breane i Noreg og på Svalbard; eg ville målt temperaturen i lufta og i havet; eg ville sett kor høgt springfloda gjekk på Bryggen i Bergen, ved Operaen i Oslo og på kaia i Reine i Lofoten; eg ville undersøkt kva for algar som var i havet og korleis det stod til med stormane og nedbøren langs norskekysten haust og vinter.

Lista er lang – opphaldet kort – så skal eg koma i mål med dette, gjeld det å førebu seg og ha opplegget klart!

Så kva veit vi då om vår eigen klimaoase, og kva trur eg – i dag – i 2007 – om korleis situasjonen vil vera, 93 år fram i tid?

Golfstrømmen endrer retning

Dert første spørsmålet er – kvifor er det så grenselaust mildt hos oss, her me bur med Arktis som næraste nabo?

Det er to årsaker til dette – og begge er like viktige. Det eine er varmen som vert ført med havstraumane frå sør til nord. Det andre er varmen som dei milde sør- og vestlege vindane fører med seg, og då særleg vinterstid.

Som regel høyrer vi berre om det første – om Golfstraumen og forlenginga av denne opp mot og langs norskekysten – men atmosfæren må vera med. Så om dette ikkje er gjort, er det på høg tid å omskriva lærebøkene!

Men først til Golfstraumen, som danskane kallar vårt kalde hjarta. Dette er eit godt bilete då Golfstraumen er nær knytt til den globale havsirkulasjonen. I tillegg har Golfstraumen vore sjølve livsnerva for mange av busetnadane i dei vestnordiske landa – i alle fall fram til moderne tid.

Det varme hjertet

Men tenkjer ein på klimaoasen her hos oss, vil eg nok seia at Golfstraumen er eit varmt hjarta: I dei øverste 500 metrane av Atlanterhavet strøymer det varmt vatn frå tropane mot våre breiddegrader. Denne overflatestraumen er kompensert med ein sørgåande straum av kaldt vatn i djupet i Atlanterhavet.

Og det er ikkje så reint lite vatn eller varme vi talar om. På det meste bring Golfstraumen med seg 40 millionar kubikkmeter vatn per sekund. Eller 30 gongar meir vatn enn den samla vassføringa til alle elvane på jorda.

Men mengda vatn er ein ting; varmen noko anna. Tek vi utgangspunkt i energibruken i Noreg, får vi at Golfstraumen bring noko slikt som 50 tusen gongar den energien vi nyttar i Noreg.

Hør hele foredraget her: Helge Drange

 

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)