Oppdatering: Avstemminga for semifinalen er nå lukket.
Dei seks utøvarane som får flest stemmer går vidare til finalen, og dei blir offentleggjorte fredag 6. januar.
Du kan stemme på dei seks finalistane frå og med fredagen, og gjennom den direktesendte Idrettsgallaen laurdag 7. januar. Vinnaren blir offentleggjort under sendinga.
Dette er dei 17 kandidatane:
Magnus Carlsen, sjakk:
- Carlsen har dominert sjakkverda sidan 2010 som verdas beste spelar.
- Sist siger var i VM i lynsjakk i desember 2022, der han tok gullet. Totalt har han 15 VM-gull.
Erling Braut Haaland, fotball:
- Jærbuen set scoringsrekordar uansett kvar han spelar, og uansett nivå.
- Har tatt heile verda med storm etter overgangen til Manchester City.
Kristian Blummenfelt, triatlon
- Verdas fremste triatlet.
- Vart verdsmeister i iron man i mai 2022 (i det utsette meisterskapet frå 2021), og verdsmeister i Iron man 70.3 i oktober.
Ada Stolsmo Hegerberg, fotball:
- Var sentral da Lyon vann 3–1 over Barcelona i finalen i Champions League.
- Ho er den fyrste spelaren som har scora i fire meisterligafinalar sidan Real Madrid-legenda Alfredo di Stefano.
Johannes Thingnes Bø, skiskyting:
- Han vart den ubestridte OL-kongen i skiskyting i Beijing, med fire gull og éin bronse.
Viktor Hovland, golf:
- Avslutta sesongen med å vinne Hero World Challenge.
- Nummer ti på verdsrankinga i midten av desember.
Handballjentene, handball:
Vann EM-gull i 2022. Dette er det sjuande EM-gullet for det norske kvinnelandslaget.
Jesper Saltvik Pedersen, alpint:
- Vann tre gull og to sølv under VM på Hafjell.
- Vann fire gull og eitt sølv i Paralympics i Beijing.
- Vann verdscupen samanlagt, med 6 enkeltsigrar.
Jakob Ingebrigtsen, friidrett:
- Sette verdsrekord innandørs på 1500 m, vann VM-gull på 5000 m og VM-sølv på 1500 m.
- EM-gull på 1500 m og 5000 m.
- EM-gull i terrengløp og nr. 1 på årets verdsstatistikk.
Therese Johaug, langrenn:
- Tok tre individuelle OL-gull i Beijing i sitt siste OL i 15 km skiathlon, 10 km klassisk og den avsluttande distansen 30 km fristil.
Casper Ruud, tennis:
- Ranka som nummer 2 i verda i 2022.
- Spelte seg fram til finaleplass i to Grand Slam-turneringar.
Birgit Skarstein, roing
- Tok EM-gull i München
- Vann VM-gull i Tsjekkia.
Johannes Høsflot Klæbo, langrenn:
- Vann to gull, eitt sølv og éin bronse i OL i Beijing.
- Trønderen vann også verdscupen samanlagt for tredje gong.
Marius Lindvik, skihopp:
- Marius Lindvik vann OL-gull i hopp stor bakke, og vart fyrste norske vinnar på 58 år.
- Verdsmeister i skiflyging på heimebane i Vikersund.
Marte Olsbu Røiseland, skiskyting:
- Vann tre gull og to bronse i OL i Beijing.
- Vann også verdscupen samanlagt.
Jarl Magnus Riiber, kombinert:
- Vann verdscupen samanlagt for fjerde år på rad.
- Er nå tidenes utøver i verdscupen med 53 enkeltsigrar.
Birk Ruud, friski:
- Vann historias fyrste OL-gull i friski big air.
- Vann verdscupen samanlagt.