Det er fredag kveld og mørket har senka seg i Svolvær i Lofoten. Inn til hamn legg MS Richard With til kai. Nye passasjerar går om bord medan andre er ferdig med si reise. Reisa er litt utan om det vanlege. Medan eg tek turen sørover skal eg og få vere med på konsert medan eg reiser.
Scene 11
Hurtigruta starta så vidt opp i fjor med prosjektet som har fått namnet Scene 11. I alle år har Hurtigruta vore ein del av kystkulturen. No skal kulturen om bord i dei 11 skipa. Norske artistar i alle sjangrar vil halde konsertar gjennom heile vintersesongen.
Reiseledar om bord i MS Richard With, Morten Sagen, forklarer at dette gjerast for å få fleire nordmenn til å reise i vintersesongen.
– Ja heilt klart så gjer me dette for at folk skal kunne få kose seg med ein heiltaften. Scene 11 kan by på teater, kabaret, dansemusikk, pop, rock, visesong og revy. No kan du ha ein heiltaften utan drosjekø på veg heim. Ja du kan også ete frukost neste morgon før du går på land igjen, ivrar Morten og tilføyer at du sjølvsagt får med deg masse flott natur.
Jørn Hoel legg ikkje skjul på at han kosar seg på hurtigruta.
Ubarbert tromsdaling
Frå september til langt ut på vårparten vil alle reisande få levande musikk om bord i hurtigrutene. DDE, Olav Stedje, Lynni Trekrem, Jonas Fjeld og mange fleire.
I det eg sett i frå meg bagasjen i lugaren klinger reiseledar Morten si stemme over høgtalaranlegget.
– Mine damer og herrar vi har den glede å by på ein av Noreg sine mest kjente artistar hjå oss i kveld. Jørn Hoel opptrer på Draugen Bar like etter avgang frå Stamsund.
- Eg har vokse opp med hurtigruta, forklarer Jørn Hoel. Han har tatt med seg to musikarar og gleder seg til å synge på den intime scena. – Når eg var liten tok far min meg med på kaia i Tromsø for å sjå på båtane, seier Jørn og legg til at han likar seg godt om bord. Det er så tett og nært at det er noko utan om det vanlege. Eg har gjort dette ein gong før og var i utgangspunktet litt skeptisk. Men etter å ha prøvd det ut vil eg anbefale det til alle andre artistar. Det må då vere glimrande for artistar som treng inspirasjon til å skrive. Tenk å reise frå Kirkenes til Bergen, du må då ha eit lass med songar når du legg til kai i Bergen etter alle naturopplevingane, avsluttar Hoel.
Turistane liker naturen
Det er færre turistar som reiser langs kysten i vinterhalvåret. Difor har hurtigrutene lagt opp til at det skal vere meir som skjer om bord.
I Panorama bar på dekk 7 møter me Richard og Clara Cunnigham frå Colchester i England. Dei er her først og fremst for å sjå naturen, men har så langt lagt merke til musikken.
– Helst kunne eg ha tenkt meg å høyre meir norsk folkemusikk, seier Richard og legg til at han spelar fiolin heime i England.
Han meiner likevel at hurtigruta må tenke på dei norske passasjerane i vinterhalvåret.
– Ja for all del spel norsk musikk no, me kjem hit for naturen sin del likevel. Ikkje for å høyre på ein rusten kar frå Nord-Noreg som syng og skøyar.