Hopp til innhold

– Dei utplukka er ikkje bra nok

Modellagent Eivor Øvrebø kritiserer «Top Model» for å fokusere på underhaldning i staden for å utvikle gode modellar.

Top Model-deltakarane

Dette er deltakarane frå årets Top Model-konkurranse. Modellagent Eivor Øvrebø meiner få av deltakarane når opp som toppmodellar.

Foto: Marcel Lelienhof

Claudia Alette Bull (19) vant «Top Model» 2011 og fekk ei modellkontrakt med det internasjonale modellbyrået Premier i London. Men vinnarane i modellkonkurransen er ikkje gode nok, meiner modellagent Eivor Øvrebø i Team Modeller.

TV-programmet får kritikk frå modellagenten som meiner det gir eit lite realistisk bilete av motebransjen og har produsert få toppmodellar.

–Tidlegare vinnarar av «Top Model» har ikkje hatt den store suksessen, det er problemet når ein lagar slike program. Det skal vere reality og underholdning for sjåarane. Dei som blir plukka ut er rett og slett ikkje bra nok, seier ho til NRK.no.

– Ikkje mange toppmodellar

Øvrebø har fleire gongar gått hardt ut mot konkurransen. I 2007 skapte ho furore ved å seie at norske modellar var for late og tjukke.

Hank von Helvete og Martine Lervik

Martine Lervik vann Top Model i 2008. Ho jobbar i dag fulltid som modell. Her frå ei fotografering i Top Model med Hank von Helvete i Turboneger.

Foto: TV3

– Det er ikkje mange av dei som har deltatt eg vil bruke ordet toppmodell om. Ein toppmodell er ein som gjer dei største kampanjane for store motehus og er med i motereportasjar i dei største magasina, meiner Øverbø.

Ho synest tittelen på programmet gir eit feil bilete av kva det handlar om.

– Dei norske modellane som gjer det bra i utlandet har ikkje deltatt i programmet, med unntak av Polina Basbarova, som kom på andreplass i 2007, hevdar ho.

Oppfordra modellar til å fullføre skule

Team Modeller er konkurrent til Heartbreak, modellbyrået som representerer alle dei tidlegare Top Model-vinnarane. Leiar i Heartbreak, Jonas Mangerud, er ikkje einig i kritikken til Øvrebø.

– Det er få som kan leve av eit modellyrke på heiltid, men det er faktisk fleire av dei tidlegare vinnarane som gjer det. Det er ikkje slik at ein automatisk blir toppmodell av å vere med i programmet, ein må gjere jobben etterpå, seier han.

– Vi er nøye på at modellane ikkje skal forsøme resten av livet sitt. Vi anbefalte Martine Lervik (2008-vinnaren) og Kamilla Alnes (2007-vinnaren) å gjere ferdig vidaregåande skule før dei begynte å reise som modellar. Begge dei to jobbar fulltid i dag, fortel Mangerud.

Han meiner Øverbø heng seg for mykje opp i tittelen «toppmodell».

– Få kan kalle seg supermodellar, og det er sjølvsagt ikkje alle deltakarane som blir modellar. Om du oppdagar ein ung, lovende 15-åring, er det best å ta det gjennom eit modellbyrå. Men for ein 20-åring som ikkje har modellerfaring er «Top Model» ein fin måte å kome i gong på, seier Mangerud.

Må gå gjennom psykologisk test

Modellcoach i «Top Model», Storm Pedersen, legg også vekt på erfaringa deltakarane får i programmet.

Storm Pedersen

Storm Pedersen meiner jentene i 'Top Model' får eit unikt innblikk i modellverda, men at ein gjerne kunne tatt inn fleire med stort modellpotensiale.

Foto: ztylist.com

Jentene får kjempemoglegheiter til å jobbe her heime og byggje opp ein portofolie. Eg meiner at ein på kort tid får innblikk i veldig mange delar av bransjen som ein ikkje ville fått elles, seier han.

–Enkelte deltakarar har gjort det bra internasjonalt. Sjølv om dei ikkje er på toppnivå jobbar dei mykje og tener godt. Til programmet ser ein på fleire ting enn det reint modellmessige, jentene må også gå gjennom ein psykologisk test. Men ein kunne gjerne tatt inn enda fleire med verkeleg stort modellpotensiale, svarer han på kritikken frå Øvrebø.

Ifølgje Pedersen er det ofte tilfeldigheiter som bestemmer kven som blir toppmodellar, blant anna er det viktig å ha ein tidsriktig utsjånad.

– Eigeninnsats, sjølvtillit og interesse frå bransjen må til for å slå an internasjonalt, meiner modellcoachen.

Kulturstrøm

Flere kulturnyheter

På utestedet Cosmopolite i Oslo ble det gedigen jubel når Viggo Venn gikk av med seieren søndag kveld.

Viggo Venn fra Kongsberg vant Britain's Got Talent: – Som om Skeid vinner Champions League

En norsk klovn har vunnet en av verdens største TV-konkurranser. Premien er på 3,4 millioner kroner og har rojalt sus.