Hopp til innhold

Musikar misbrukt av ytste høgre

Songen til musikaren Mikael Wiehe vart brukt til inntekt for det innvandringsfiendtlege partiet Sverigesdemokraterna, utan at han vart spurt.

Mikael Wiehe

Musikaren Mikael Wiehe har tidlegare vore kritisk til Sverigedemokraterna sitt innvandringskritiske syn.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Valkampen før riksdagsvalet i Sverige19. september er i gang. Og no har Sverigedemokraterna, eit parti på ytste høgre fløy brukt den svenske musikaren Mikael Wiehe til inntekt for sitt parti, skriv Ekstrabladet .

– Eg er sint og opprørt, eg har naturlegvis ikkje vorte spurt, eller tillate ein slik bruk, seier Mikael Wiehe i ei pressemelding.

Partiet har delvis endra teksten på songen «Flickan och kråkan», og brukte den på eit valmøte i helga. Meiningsmålingane før valet tyder på at det innvandringskritiske partiet Sverigedemokraterna kan kome inn på riksdagen i 2010, og hamne i ein vippeposisjon.

Langt frå Wiehes syn

Jimmie Åkesson

Sverigedemokraternas leiar, Jimmie Åkesson.

Foto: Leif R Jansson / SCANPIX / / SCANPIX

Songen handlar om ei jente som prøver å redde ein skada fugl, og Wiehe ser ikkje korleis denne bodskapen passar inn med Sverigedemokraterna sitt syn.

Wiehe står sjølv langt frå politikken til partiet, og har på den siste plata si tileigna songen «Fascismens racka» til leiaren for Sverigedemokraterna, Jimmie Åkesson.

– Sverigedemokraterna, som har framandfiendskap som sitt einaste eigentlege programpunkt, er det partiet som står lengst vekk frå mine eigne politiske meiningar.

Forstår ikkje kritikken

Men Sverigedemokraterna ser ikkje heilt problemet med bruken av songen.

– At nokon med så venstreorientert bakgrunn ikkje vil dele med andre er sært, seier pressesekretær for Sverigedemokraterna, Erik Almqvist.

At Mikael Wiehe har heilt andre politiske synspunkt enn Sverigedemokraterna, synest ikkje Almqvist gjer noko.

– Vi vil heller ikkje verte knytt til han, og det han står for. Men tydinga av kultur er subjektiv, og det er ein sterk song, seier Almqvist.

Noko søksmål mot Sverigedemokraterna vert ikkje aktuelt, fordi Wiehe ikkje trur det ville ført fram.

– Eg må nok nøye meg med å uttrykkje min avsky mot Sverigedemokraterna og politikken deira, og ta avstand frå overgrepet på min opphavsrett, seier Wiehe.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.