Hopp til innhold

MGP-finalen til Fornebu

No er det bestemt: neste års internasjonale Melodi Grand Prix-finale blir arrangert på Fornebu Arena.

Telenor Arena
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

- Dette er heilt uverkeleg. Det er slike store arrangement arenaen er bygd for, dette er heilt fantastisk, jublar Einar Schultz, dagleg leiar for Telenor Arena.

Einar Schultz

Einar Schultz.

Foto: stabak.no

For kort tid sidan blei det klart at den internasjonale Melodi Grand Prix-sirkuset inntek Bærum 29. mai.

Etter enorm interesse landet over for å få arrangere MGP-finalen, skar kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas gjennom 27. mai , og annonserte at dei to aktuelle kandidatane var Oslo Spektrum og Fornebu Arena.

Kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas er godt nøgd med valet.

- Dette er eit stort og viktig arrangement, og NRK ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid med Fornebu Arena.

  • Les alt om Melodi Grand Prix her !

- Veldig god løysing

Hasse Lindmo

Hasse Lindmo.

Foto: Knut Bry

TV-prosjektleiar for arrangementet, Hasse Lindmo, seier i ei pressemelding at NRK har landa på ei veldig god løysing.

- Fornebu Arena er eit bygg for dei store anledningane, og no er anledninga her. Vi har fått på plass gode rammevilkår for produksjonen der.

Lindmo seier at faktorar som storleik, tilgang på store uteareal og gode fasilitetar har vore avgjerande.

- Det er godt å ta sommarferie vel vitande om at vi no har eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet.

Schultz i Fornebu Arena seier at han var meir overraska over at Rybak vann den internasjonale finalen i Moskva, enn at Fornebu gjekk sigrande ut av konkurransen om den finalen i 2010.

- Når vi først vann i år, var eg ikkje overraska over at vi til slutt fekk finalen.

Media vert største utfordringa

Telenor Arena

Fornebu Arena.

Foto: Erik Thomas Ganer / NRK

Schultz seier at den største utfordringa blir å tilretteleggje for media.

- Vi veit at vi kan handtere publikumsmassene, parkering og logistikk, så det vanskelege blir dei ekstreme krava til tv-dekninga.

- Kor mykje betyr dette for dykk?

- Dette er ei vitamininnsprøyting av dimensjonar. Dette gir oss den dytten vi treng etter ein dramatisk start både for oss og Stabæk.

- Kor mange kan få plass hjå dykk?

- Det hadde vore fantastisk å få plass til 23.000, vi har rømningsvegar som er godkjent for det.

- Gler du deg?

- Noko voldsomt. Dette er heilt uverkeleg, avsluttar ein strålande glad Einar Schultz.

Fråvik Telenor-namnet

Fornebu Arena er til vanleg kjent som Telenor Arena, men grunna EBU (den europeiske kringkastingsunionen) sitt regelverk, kunne ikkje kandidatane til å arrangere finalen vere knytt til eit kommersielt namn.

- Vi stilte krav om at arenaen måtte vere fri for sponsorar i perioden. Det er viktig at vi kan avgjere kva sponsorar som skal nyttast for arrangementet, utan andre kommersielle interessentar inne i biletet, seier Jon Ola Sand, prosjektleiar for MGP-finalen.

Telenor-namnet ville også kunne ha kome i konflikt med EBU sine partnarar under den gigantiske tv-produksjonen.

- Skulle EBU få inn andre aktørar i arrangementet som er i direkte konkurranse med Telenor, hadde dette blitt problematisk, seier Sand.

Eurovision Song Contest er eit av verdas største tv-arrangement. Det blir delegasjonar frå 45 land, og minst 2000 pressefolk til stades i Noreg for å dekkje finalen i mai.

Under finalen i Moskva sat 123 millionar sjåarar klistra til tv-skjermane verda over.

  • Kva synest du om at finalen blir på Fornebu Arena?

Kulturstrøm

  • «Ellos Eatnu – La elva leve» vant to priser på filmfestivalen i Göteborg

    Den norske filmen «Ellos Eatnu – La elva leve» mottok lørdag kveld både publikumsprisen og kritikerprisen på filmfestivalen i Göteborg.

    Den var en av to norske filmer som deltok i den nordiske konkurransen Nordic Dragon Award, og endte opp med å være den filmen festivalpublikummet satte størst pris på.

    Festivalen i Göteborg er Nordens største filmfestival.

    Den norske filmen om Alta-saken med artist Ella Marie Hætta Isaksen i hovedrollen, får dermed prisen på 400.000 kroner.

    – Den setter dagsordenen og gir ny forståelse for et samisk perspektiv på norsk politikk og kraftutbygging, det er fantastisk at både publikummet og kritikerne verdsetter dette så høyt, sier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.

    Filmen vant Den internasjonale filmkritikerorganisasjonen FIPRESCI sin pris. I juryens begrunnelse står det blant annet at «På mesterlig vis formidler filmen den sorgen som ble forårsaket av truslene om forsvinnende kultur og tap av identitet, språk og familiebånd». (NTB)

    Ellos eatnu - La elva leve
    Foto: Mer Filmdistribusjon
  • Motedesigneren Paco Rabanne er død

    Den spanske motedesigneren Paco Rabanne, kjent for sine eksentriske klesdesign er død 88 år gammel. Det bekrefter selskapet hans til nyhetsbyrået AFP. Han grunnla også et av verdens mest kjente parfymemerker.