Hopp til innhold

Metallica møter Mongolia

Beijing-bandet Hanggais uttrykk er ei krysning av vestleg rock og mongolsk folkemusikk. Sjå dei spele Metallica-inspirerte «Four Seasons» live i Musikkredaksjonen her!

Video Hanggai: Four Seasons

Seksmannsbandet Hanggai gav torsdag sin første konsert i Noreg, under Oslo World Music Festival. Bandet bur i Beijing og har fans over heile verda, men dei musikalske røtene deira er umiskjenneleg mongolske – nærare bestemt frå den kinesiske provinsen Indre Mongolia.

Ilchi

Hanggais bandleiar Ilchi.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

– Eg budde i Indre Mongolia til eg var tolv år, då eg flytta til Beijing, seier bandleiaren Ilchi.

– Men eg vart sterkt påverka av kulturen eg vaks opp i, og lengta tilbake.

Namnet Hanggai står for eit idealisert, mongolsk steppelandskap, og Ilchi har sjølv gode minne frå dei mongolske steppene.

– Om sommaren reiste vi ofte rundt på steppene til hest i lag med nomadane, vi song og hadde det fantastisk, seier Ilchi.

Frå pønk til strupesong

Ilchi starta si musikalske karriere som frontfigur i pønkbandet T9, og fleire av medlemmane har tidlegare spelt i «reine» rockeband. Låtane til Hanggai er basert på mongolsk folkemusikk, men uttrykket ber sterkt preg av musikaranes rockebakgrunn.

– Vi har mange inspirasjonskjelder innan vestleg rock, seier Ilchi.

– Metallica, Led Zeppelin, Sex Pistols, Nirvana ... dei banda som er store her, har vi nok høyrt på, vi også.

Då han reiste tilbake til Indre Mongolia, lærte han seg tradisjonell strupesong, og det var der han møtte fleire av dei noverandre bandmedlemane.

Her kan du sjå Hanggai spele «Xig Xile» i Musikkredaksjonen:

Video Hanggai: Xig Xile

Rikt minioritetsmiljø i Beijing

– Det er ikkje vanskeleg å promotere mongolsk kulturarv eller musikk i Kina, seier vokalisten Hurcha.

– Overalt i Kina kan ein finne kunstnarar frå ulike etniske minioritetar, og i Beijing er mangfaldet av minioritetsmusikk stort. Men den mongolske musikken stikk seg nok litt ekstra ut, og vi skiljer oss i tillegg ut ved at vi tek denne musikken ut i verda.

Hurcha

Hurcha, vokalist i Hanggai.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Hanggai spelte torsdag hus på Rockefeller i Oslo, der dei delte scene med det norske bandet Adjágas.

  • Her kan du høyre konserten frå Rockefeller 4/11.
  • Her kan du lese NRKs melding av cden «Introducing Hanggai».
  • Her kan du lese meir om Oslo World Music Festival.

Oslo World Music Festival varer til og med søndag. Den spanske flamencosongaren Diego El Cigala held avslutningskonserten i Oslo Konserthus, der P2s Jungeltelegrafen har spesialsending.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.