Hopp til innhold

Det Buena Vista kunne ha vore

Buena Vista Social Clubs suksess var resultatet av ein plan B – plan A var bandet AfroCubism, som startar sin verdsturné og opnar Oslo World Music Festival i kveld. Gitaristen Eliades Ochoa spelar i begge band – sjå han live i Radioselskapet her!

Video OCHOA-RS-021110-BG-WW

– For meg er det verdspremieren på AfroCubism i Operaen som er det store scoopet under årets Oslo World Music Festival, seier Sigbjørn Nedland, programleiar i P2s Jungeltelegrafen.

Buena Vista Social Club vart ein kjempesuksess og selde millionar av plater på 1990-talet, etter at Nick Gold og Ry Cooder samla ein gjeng godt vaksne cubanske musikarar til innspeling.

Den opprinnelege ideen var imidlertid å samle musikarar frå Mali og Cuba og utforske samanhengar mellom afrikansk og cubansk musikktradisjon. Dette prosjektet stranda fordi musikarane frå Mali ikkje fekk visum og aldri kom seg til Cuba.

– Det har vore snakka om dette så lenge, og no blir ideen endeleg realisert, attpåtil i Oslo. Eg trur møtet mellom musikarar frå Mali og Cuba kjem til å bli ei heilt spesiell oppleving, seier Nedland.

Mongolrock populært i Beijing

afrocubism

I AfroCubism møtest musikarane som opprinneleg skulle ha vore med på Buena Vista Social Club-prosjektet.

Programledere i Jungeltelegrafen Sigbjørn Nedland (bak) og Arne Berg

Jungeltelegrafens programleiarar Sigbjørn Nedland (bak) og Arne Berg guidar deg til høgdepunkta under Oslo World Music Festival.

Foto: Ole Jørgen Kaland

Oslo World Music Festival varer til søndag, og det er mykje å glede seg til også etter at AfroCubism går av scenen i kveld:

– Eg ser særskilt fram til konserten med det kinesiske bandet Hanggai, som skal ha konsert i lag med norske Adjágas, seier Sigbjørn Nedland.

Bandets medlemer kjem frå Indre Mongolia, som høyrer til Kina, og brukar mongolsk folkemusikk og mongolske folkedrakter i sitt uttrykk – noko dei har gjort stor suksess med i Beijing.

– Eg møtte bandet i Beijing for nokre år sidan og har følgt med dei sidan. Eg trur det norske publikummet vil synest dei er svært spennande.

Hanggai spelar på Rockefeller torsdag kveld – du kan høyre dei spele live i Musikkredaksjonen i P2 torsdag ettermiddag, og

Spansk flamencostjerne

Den største europeiske stjerna som kjem til festivalen, er truleg den spanske flamencosongaren Diego El Cigala. Han skal stå for avslutningskonserten i Oslo Konserthus søndag kveld, ein konsert som også blir sendt på P2.

– Cigala er rett og slett ein av verdas største flamencosongarar, seier Jungeltelegrafens Arne Berg.

– No er han for første gong i Noreg, i samarbeid med tangomusikarar frå Argentina. Det er ikkje sikkert at det kjem fleire høve til å høyre han her til lands. Ver der!

Klipp og lim med balkanmusikk

Diego El Cigala

Flamencosongaren Diego El Cigala «på heimebane» i Madrid – på søndag står han på scenen i Oslo Konserthus.

Foto: Lillian Olsen / NRK

Den unge bulgararske produsenten Kottarashky har gjort suksess med si sampling av nokre av den balkanske musikkens største stjerner, mellom andre det rumenske ensemblet Fanfare Ciocarlia. Laurdag stiller han med band i Parkteatret.

– Kottarashky laga 2009s beste cd,«Opa Hey!», med ein ufatteleg kreativ bruk av klippe- og limeteknikk, seier Arne Berg.

– Eg er spent på om han klarer å gjenta bedrifta på scenen med band, og om han beheld melankolien i musikken live, eller om han tek den i retning av energi i staden. Denne konserten er eit must!

Lyttarfavorittar på Jungelscenen

Ein konsert Jungeltelegrafen ser fram til med ekstra spenning, er «Jungelscenen» i Parkteatret onsdag kveld.

– Vi har teke med våre radiolyttarar på råd, og dei har fått handplukke nokre av dei mest spennande musikarane som bur i Noreg i dag.

Konserten blir sendt i P2 onsdag kveld – på scenen står Yebo Choir, som tek den sørafrikanske songtradisjonen til Noreg, songarinna og dansaren Elin Kåven frå Karasjok og eit vestafrikansk samarbeidsprosjekt med Solo Diarra, Sidiki Camara & Cesar Bolly.

Kulturstrøm