Hopp til innhold
Anmeldelse

Kunsten å dikte seg ei fortid

Den som vil finne ut av kva som er sant og kva som er dikta i «Minner om fremtiden» vil slite. Vi andre kan ha det ganske moro.

Siri Hustvedt, forfatter

Siri Hustvedt blandar røvarhistorier og kloke refleksjonar i romanen «Minner om fremtiden». Det held nesten heile vegen.

Foto: Marion Ettlinger / Aschehoug

Ein dag finn den 62 år gamle forfattaren S.H. att dagboka ho skreiv i 1978, då ho flytta frå ein småby i Minnesota til New York for å bli forfattar. Resten av boka vekslar mellom den ungdommelege og eventyrlystne forfattarspiren og den langt meir erfarne forfattaren av i dag.

Minner om fremtiden - Siri Hustvedt
Foto: Aschehoug Forlag

Den som kjenner litt til Siri Hustvedt, vil vite at ho sjølv har teke denne reisa frå Midtvesten til New York. Likevel gjeld hovudregelen for lesing av skjønnlitteratur: Du skal ikkje tru alt du les. S.H. minner oss stadig på at minnet er sterkt knytt til fantasien. Fortida er skjør.

For ein norsk lesar som har gått trøytt av den veldige iveren etter å finne ut kva som er sant og kva som er løgn (!) i romanar, er denne litt ertande innfallsvinkelen forfriskande. Her går forfattaren inn i sjølve minneprosessen og underminerer biografiske lesingar på ein elegant måte.

Å sluke Manhattan på lågbudsjett

Dagboka gir eit mangesidig og levande portrett av ein ung forfattarspire som er svolten på livet: på kunnskap, menn, venner, festar, bøker, byen, alt. På minimalt budsjett gyv ho laus på det store eventyret, som til tider er sterkt inspirert av verdslitteraturen: Liksom det ikkje går an å skilje minne frå fantasi her, går det heller ikkje an å skilje dagboka frå alle bøkene dagbokskrivaren har slukt.

Forbløffande er det då å lese utdrag frå boka den unge S.H. sjølv skriv på dette året. Rett nok er skrivearbeidet inspirert av ein figur med forlokkande initialar, nemleg Sherlock Holmes, men både intrigen og utviklinga av den er i sterk utakt med både den unge og den eldre S.H. som vi møter i «Minner om fremtiden». Dette er ikkje dikting, det er eit påfunn, som Siri Hustvedt har gjeve for mykje plass.

Skarp og leiken

Romanen er på sitt beste når den unge forfattaren jafsar i seg New York på 70-talet, gjerne saman med den urbant vidarekomne venninna Whitney. Draumen om at dei skal vere "grufulle og kalde kvinner i New York, arm i arm" fell rettnok i fisk, ettersom hovudpersonen -som ber tilnamnet «Minnesota» - er for snill og venleg til å leve opp til imaget.

Det er også interessant å vere med i den indirekte dialogen mellom den eldre og den yngre versjonen av S.H., sjølv om det er i overkant kokett av den eldre å kalle seg «klok, gammel ugle».

Hustvedt har blitt både skarpare og meir humoristisk i tonen med åra, og denne gongen tek ho det humoristiske eitt steg vidare mot det leikne og nesten flørtande. Det er vellykka nesten heile vegen.

Passar for deg som

  • greier å le og tenkje på same tid

Kulturstrøm

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor
  • Regjeringa gir 300 millioner i satsing på lærebøker i papir

    – Starten på en tydelig markering av skrift og bøker, sier statsminister Jonas Gahr Støre.

    Pengene er øremerket fysiske bøker.

    – Forskning viser at elever lærer mer ved å lese fysiske bøker, sier kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun.

    Hun sier regjeringen nå tar grep for å snu dårlige lesetall.

    – For mye iPad, skjerm og for lite bøker har ikke vært bra for leselysta, sier statsministeren.