Hopp til innhold

Meiner barnevernet kan for lite om kultur: – Alvorleg belastning for barn

– Kunnskap om stell av afrohår treng betydeleg utvikling i barnevernet, seier psykologspesialist. Ho meiner ustelt hår kan oppfattast som omsorgssvikt.

Jennifer Osei

HÅR: For Jennifer Osei er håret ein viktig del av kulturen. Ho er opptatt av å kjenna til røtene sine.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Det er som å senda eit etnisk norsk barn på skulen utan å greia håret på ei veke. Ein tenker jo når ein får tilbake barnet «kva har skjedd med deg?», seier Jennifer Osei (30).

Ho er født og oppvaksen i Noreg og har røter frå Ghana. Som tidlegare fosterbarn er ho opptatt av at barn skal få moglegheit til å kjenna kulturen og identiteten sin.

Men barnevernet veit ikkje nok om ulike kulturar, meiner psykologspesialistar NRK har snakka med. Dei er bekymra for at det kan føra til alvorlege feil.

Afrohår er eksempel på noko det er for lite kunnskap om, meiner dei. Kor omfattande dette problemet er, finst det ingen oversikt over.

– Men eg trur ikkje det finst ikkje ei bygd i Noreg lenger som ikkje har menneske med afrohår, seier psykologspesialist Judith van der Weele.

Teikn på omsorgssvikt

Hårtypar av afrikansk opphav krev ofte litt anna og meir stell enn hårtypane til majoritetsbefolkninga, forklarer Osei.

Ho understrekar at det at fosterforeldre manglar kunnskap om afrohår ikkje er vondt meint, men at det er noko folk gjerne ikkje tenker over.

Jennifer Osei

TILPASSA: Jennifer Osei meiner det er viktig at fosterforeldre får god rettleiing frå barnevernet til å tilpassa seg etnisiteten og kulturen til barnet.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Osei fortel ho at ho har sett og opplevd at manglande hårstell kan vera veldig urovekkande for dei biologiske foreldra når dei møter igjen barnet sitt.

Psykologspesialist Judith van der Weele har lenge jobba tett med familiar med minoritetsfamiliar i samband med barnevernet.

Weele meiner ustelt hår kan mistolkast som omsorgssvikt.

– For biologiske foreldre som møter barna sine etter å ha vore vekke frå dei ei stund, og som ser det ustelte håret, er det eit umiddelbart og tydeleg teikn på omsorgssvikt. At barna bur ein stad der det er nokon som ikkje bryr seg om dei.

Stemmer det då?

– Ikkje i det heile, barna får veldig ofte godt stell, det er gode fosterheimar, men akkurat dette kan dei ikkje, seier Weele.

Ho ser at barn over tid skammar seg, er flaue, dekker til håret sitt og seier at dei ikkje bryr seg.

– Men eg ser at dei faktisk bryr seg.

Judith van der Weele

UJAMT: Psykologspesialist Judith van der Weele meiner det ikkje er likeverdige tenester for minoritetsbarn i barnevernet.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Kulturelle rettar

«Alle barn har kulturelle rettigheter», heiter det på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) sine nettsider. Dei definerer kulturelle rettar som «ivaretagelse av barns etniske, religiøse, kulturelle og språklege bakgrunn».

Weele meiner derimot at desse kulturelle rettane i praksis ofte ikkje blir sikra godt nok.

I ein artikkel frå 2020, slår ho fast at «Manglende kulturkompetanse i utredningsarbeid skader barn.»

Ho får støtte frå psykologspesialist Heidi Wittrup Djup ved Klinikk for krisepsykologi i Bergen.

Konsekvensar av manglande kulturell kunnskap, forklarer Djup, kan vera at fosterbarnet ikkje får delta i viktige høgtider, eller at det ikkje blir lagt godt nok til rette for at barnet får halda ved like morsmålet sitt.

Det er alvorleg fordi at det over tid kan gjera at barn og foreldre ikkje kan kommunisera godt nok, forklarer ho.

– Eg har lest tusenvis av sider med dokument der ordet «kultur» ikkje står nemnd ein einaste gong, sjølv om det openbert er eit relevant moment i saka.

Heidi Wittrup Djup, psykologspesialist

SPESIALIST: Djup har jobba fleire år som barnefagleg sakkunnig for barnevernstenestene og for retten.

Foto: Alrik Velsvik

Bufdir understrekar til NRK at det er barnevernet sitt ansvar å legga til rette for at barn får dekka behova sine knytt til kultur, språk og religion.

– Og me som fagdirektorat gjer ein del nasjonalt for å bidra til å styrka kompetansen i desse tenestene. Me har ei eiga vidareutdanning som fangar opp tena, me har opplæring ut i tenestene, me har opplæring til dei som vil bli fosterforeldre, og me jobbar heile tida for å få til kompetanseutveksling i familie og nettverk, seier divisjonsdirektør Kjetil Andreas Ostling i Bufdir.

Djup meiner kunnskapen om kultur i barnevernet er veldig sprikande frå stad til stad.

– Eg har sett veldig mykje godt arbeid i barnevernet, men eg har også sett store manglar som har ført saka ut på ville vegar, seier Djup.

– Må tilpassa seg etnisiteten til barnet

Jennifer Osei er tidlegare fosterbarn, og snakkar om utfordringar knytt til afrohår som fosterbarn.

VIKTIG: Beredskapsheimen til Osei var flinke til å finna riktig hjelp til håret hennar. Som vaksen har ho innsett kor viktig det var for identiteten hennar.

Foto: privat

Både Weele og Djup peikar på afrohår som del av den kulturelle kompetansen.

Osei opplevde at beredskapsheimen ho budde i som lita tok håret hennar på alvor. Dei fekk tips frå den biologiske mora om kvar dei kunne få hjelp til å fletta det. Det er ho veldig takksam for.

For mange er saka likevel ei anna, ifølge Osei. Ho fortel at ho har jobba på skule og har sett adopterte barn der håret skrik etter hjelp.

– Ein må tilpassa seg etnisiteten til barnet, seier ho og fortset:

– Håret fortel kvar eg kjem frå, det er ikkje berre utsjånad, det er også kultur og identitet, seier ho.

Sjå meir om hår i serien «Krøll»:

Som lita, hata Auriane håret sitt. Kvifor er det så mykje følelsar knytt til hår?

Som lita, hata Auriane håret sitt. Kvifor er det så mykje kjensler knytt til hår?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters