Hopp til innhold

Media skapar frykt

- Den beste vaksinen mot svineinfluensa er å halde seg unna VG. Det seier professor Per Fugelli. Han meiner media nok ein gong skapar hysteri.

Svineinfluensaoppslag i VG

Svineinfluensaoppslag i VG.

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

Per Fugelli er professor i sosialmedisin og reagerar på måten pressa skriv om svineinfluensaen på.

- Eg mislikar at dei ikkje viser samfunnsmedisinsk ansvar og er med å formidle eit ekte verkelegheitsbilete. Det vi treng no er å roe ned folkesjela, mens eg føler at media og særleg VG er med på å lage drama – mediebomber av det som i verkelegheita er eit banalt virus.

Mange overskrifter

På fredag var overskrifta i VG "Alt du må vite om svineinfluensaen". Laurdag kom overskrifta "Ikkje reis" og søndag fekk lesarane allereie på framsida til avisa lese om gravide Sharon som kjempa for livet på grunn av svineinfluensaen.

- Det vi treng no er ansvarlege medium som er med på å førebyggje panikk, meiner Fugelli.

Trass dette er ikkje redaktør i VG Nina Gram einig i kritikken frå Fugelli.

- Vi utfyller vårt samfunnsmedisinske ansvar med å dekke det på den måten vi gjer. Vi har eit stort samfunnsoppdrag og det er viktig at vi tek dette så alvorleg som vi gjer.

Skapar frykt i befolkninga

Men redaktøren innser at det kan bli mykje stoff om svineinfluensaen.

- Eg ser at det kan bli mykje av dette, men helsestyresmaktene har vore alvorlege i sitt bodskap for å åtvare folket. Å vidareformidle dette er noko av det viktigaste avisene kan gjere, meiner Gram.

- Vi dramatiserar ikkje denne situasjonen i media. Det vi gjer er å fortelje vidare. Det pliktar vi, seier ho vidare.

Fugelli meiner media ikkje får godt nok fram at dette er ein bagatellmessig sjukdom, som ikkje tek fleire liv enn ein vanleg influensa.

- Noko av det skumle med dette er at media leiar ein god del menneske inn i frykt. Det blir vi ikkje friskare av, seier Fugelli.

Kva meiner du - skapar media panikk?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters