Max von Sydow spelte i nesten 200 filmar og TV-seirar i ei rekke sjangrar i ei karriere som varte i over 60 år. Han blei fødd i Lund i Sverige i 1929, og heitte eigentleg Carl Adolf von Sydow.
Han samarbeidde blant anna med Ingmar Bergman i 13 filmar, skriv Sveriges Television.
Han spelte blant anna i filmen «Det syvende segl», og i Jan Troells filmar «Utvandrerne» og «Nybyggerne» saman med Liv Ullmann.
Von Sydow fekk sitt internasjonale gjennombrot som djevelutdrivar i «Eksorsisten» frå 1973. Han fekk ein Golden Globe-nominasjon for rolletolkinga si.
Bond-skurk
Seinare har han spelt i ei rekke filmar i ei rekke sjangrar. Blant regissørane han har samarbeidd med er Woody Allen, Sydney Pollack, David Lynch, Martin Scorse og Steven Spielberg.
Von Sydow skal ha takka nei til rolla som skurken i den første Bond-filmen «Dr. No» frå 1962. Men i 1983 fekk han rolla som skurken Ernst Stavro Blofeld i Bond-filmen «Aldri si aldri».
Han har også spelt Knut Hamsun i filmen «Hamsun», sir Walter Loxley i «Robin Hood» og Lor San Tekka i «Star Wars: The Force Awakens». Ei av dei siste rollene hans var som Three-Eyed Raven i TV-serien «Game of Thrones». Ei rolle han også blei Emmy-nominert for.
Han skal også vere den einaste skodespelaren som har spelt både Jesus og Satan på film.
Han blei Oscar-nominert for rolla som Lassefar i «Pelle Erobreren» i 1987, og som leigebuaren i filmen «Ekstremt høyt og utrolig nært» i 2011. Han er den einaste svenske mannlege skodespelaren som har vore Oscar-nominert, skriv The Hollywood Reporter.
Han var gift to gongar og hadde fire søner. Han miste det svenske statsborgarskapet då han blei fransk statsborgar i 2002. Han budde i Frankrike fram til han døydde søndag.