Hopp til innhold

Max Martin og Cecilia Bartoli får Polarprisen

Den svenske låtskrivaren Martin Sandberg, også kjent som Max Martin, og den italienske mezzosopranen Cecilia Bartoli er tildelt Polarprisen for 2016.

Golden Globe Nominations-Music Max Martin

Max Martin er den første svensken som får Polarprisen.

Foto: Chris Pizzello / NTB Tema

Dei to prisvinnarane blei offentleggjort på ein pressekonferanse i Stockholm tidlegare i dag.

Komponisten og produsenten Max Martin har dei siste 20 åra hatt stor suksess med artistar som Britney Spears, Marion Ravn, Pink og Katy Perry. I grunngjevinga for tildelinga av Polarprisen skriv komiteen om Martin:

– Dei siste 20 åra er det ingen annan komponist i verda som har skrive like varige og varierte melodiar som Max Martin. Med sitt øyre for melodiar har han foredla og utvikla populærmusikken i verda.

– Utvikla songen som kunstform

Cecilia Bartoli

Italienske Cecilia Bartoli får også Polarprisen 2016.

Foto: www.ceciliabartolionline.com

Den andre prisvinnaren er den italienske mezzosopranen Cecilia Bartoli. Ho er ein av dei mest kjende mezzosopranane i verda, og i grunngjevinga framhevar priskomiteen stemma hennar:

– Med eit stemmeregister som går over tre oktavar og ein unik evne til å leve seg inn i roller, har Cecilia Bartoli utvikla song som kunstform.

Polarprisen blir delt ut kvart år av Kungliga Musikaliska Akademien. Prisen går til to utøvarar i to ulike sjangrar. Prisen har også fått aukenamnet "nobelprisen i musikk".

Prisen blei stifta i 1989 av plateprodusenten Stig «Stikkan» Anderson, som blant anna produserte ABBA. Den første prisen blei delt ut i 1992. Prisen er på ein million svenske kroner, og blir delt ut under ein seremoni i Stockholm konserthus torsdag 16. juni.

Tidlegare vinnarar av Polarprisen

1992

Sir Paul McCartney og Dei baltiske landa

1993

Dizzy Gillespie og Witold Lutosawski

1994

Nikolaus Harnoncourt og Quincy Jones

1995

Sir Elton John og Mstislav Rostropovich

1996

Pierre Boulez og Joni Mitchell

1997

Eric Ericson og Bruce Springsteen

1998

Ray Charles og Ravi Shankar

1999

Steve Wonder og Iannis Xenakis

2000

Bob Dylan og Isaac Stern

2001

Burt Bacharach, Robert Moog og Karlheinz Stockhausen

2002

Sofia Bubaidulina og Miriam Makeba

2003

Keith Jarrett

2004

B.B. King og György Ligeti

2005

Gilberto Gil og Dietrich Fischer-Dieskau

2006

Valery Gergiev og Led Zeppelin

2007

Steve Reich og Sonny Rollins

2008

Renée Fleming og Pink Floyd

2009

José Antonio Abreu & El Sistema og Peter Gabriel

2010

Ennio Morricone og Björk

2011

Kronoskvartetten og Patti Smith

2012

Yo-Yo Ma og Paul Simon

2013

Kaija Saariaho og Yossou N'Dour

2014

Peter Sellars og Chuck Berry

2015

Dame Evelyn Glennie og Emmylou Harris

Ekspander/minimer faktaboks

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters