Dette er historia om ein sørafrikansk bygdeoriginal som dreg til byen og skaper sin eigen jobb- som profesjonelt sørgande i gravferder. I svart kappe og flosshatt inntek han ein av dei få vekstbransjane i landet, nemleg gravferdsindustrien.
Denne djupt alvorlege narren dreg lesaren inn i eit Sør-Afrika som få kvite kjenner frå innsida. Det er godt gjort å lage ei humoristisk og vakker bok om død og fordervelse utan å bli smaklaus, men Zakes Mda har greidd det. Fascinerande!
Marta Norheim