Soul er tilbake i Stjernekamp. Laurdag kveld blir det klassikarar gjort kjent av Nina Simone og James Brown, og nyare materiale av Alicia Keys og Jarle Bernhoft. Men først skal artistane opne med Wilson Pickett-klassikaren «Land of 1000 Dances».
– Eg gruar meg litt til opningsnummeret. Dei har lagt inn koreografi som eg synest er litt vanskeleg, seier Maria Arredondo til NRK.
Ho trur ektemannen Torstein Sødal også kjem til å juble når opningsnummeret er vel overstått.
– Han er nok lei all øvinga på song og dans til det nummeret. Eg trur eg har sparka til han nokre gongar, medan eg øver på bevegelsane i senga.
Kjenner på presset
Arredondo skal framføre balladen «Get Here» av Brenda Russell. men bygd på innspelinga Oleta Adams gjorde i 1991. Adams fekk ein Grammy-nominasjon for sin versjon.
– Eg måtte ha ein song som eg kunne synge med hjartet. Og «Get Here» har ein nydeleg tekst og melodi eg likar.
I løpet av tida i Stjernekamp, har ho fått vise nye sider av seg sjølv i rock og hiphop. Med soulballaden er ho tilbake i eit meir kjent terreng. Men ho er meir nervøs denne helga enn den førre.
– Då eg gjorde rock og hiphop hadde eg lågare skuldrer fordi eg skulle gjere noko nytt og uvant. I soul kjenner eg meir på presset.
Ønsker å kome langt
Alexander Pavelich var sjuk og sleit med stemma under hiphopsendinga førre veke. Men no kjenner han seg betre. Laurdag framfører han den krevjande James Brown-låten «It's A Man's Man's Man's World».
– Dette er ein episk låt, og den ultimate soulballaden for ein mann. Det er eit ganske lågt tempo, men med ein energisk vokal, seier Pavelich.
James Brown gav ut songen i 1966, og nådde 8.-plass på Billboard top 100. Han blei kåra til den 123. beste songen gjennom tidene av magasinet Rolling Stone i 2004.
Pavelich har studert ved Liverpool Institute for Performing Arts, også kalla «Paul McCartney-skulen», og har skrive og produsert musikk for artistar som Nick Jonas, Marcus & Martinus og Julie Bergan. Han har tidlegare også vore ekspert i EDM i Stjernekamp. No har han lyst til å kome seg langt i årets konkurranse
– Det har vore nokre magiske veker. Eg tenkte først at det berre var gøy å vere med, men no merkar eg at eg er litt besett på å kome meg vidare. Eg blir litt skuffa om eg skulle ryke no.
Dette skal artistane synge på soulkvelden i Stjernekamp:
- Ella Marie Hætta Isaksen: «Stay With Me» (Jarle Bernhoft)
- Alexander Pavelich: «It's A Man's Man's Man's World» (James Brown)
- Maria Arredondo: «Get Here» (Oleta Adams)
- Ole Børud: «Superfly» (Curtis Mayfield)
- Chris Holsten: «If I Ain't Got You» (Alicia Keys)
- Hilde Louise Asbjørnsen: «Feeling Good» (Nina Simone)
- Ulrikke Brandstorp: «When We Were Young» (Adele)
- Heine Totland: «If I Can Dream» (Elvis Presley)