Det var sjølvaste Guglielmo Marconi, han som har fått æra av finne opp radiosignalet, som fekk i oppdrag å byggje radiostasjonen. Dette etter at Vatikanet fekk eigne statsrettar i 1929.
Pavens bodskap skal ut til heile verda – og radioen er verkemiddelet.
Skandinavarane
No sender radioen på 58 språk i heile 170 land. Ein av dei som jobbar der er norske Pål Bratbak. Han studerar teologi, og praksisen er ein del av presteutdanninga.
- Eg lagar stort sett dagsaktuelle nyhender som har interesse for heile Skandinavia. Eg lærar noko nytt kvar gong eg er her.
Den einaste norske medarbeidaren i Vatikanradioen, Pål Bratbak. (Foto: Line Gevelt Andersen, NRK)
Svenske Ingri Sundsten Amici har jobba i Vatikanradioen sidan 1968. Ho fekk tilbod om jobb då ho gifta seg i Roma.
- Ein prest eg traff sa; "Så bra at du kjem til Roma, for då kan du hjelpe meg med eit program vi treng." Eg hadde aldri høyrt om Vatikanradioen, men sa sjølvsagt ja.
I dag er ho leiar for skandinavisk seksjon og Pål sin sjef. Den skandinaviske seksjonen er idag ein av mange avdelingar i Vatikanradioen.
- Det har vakse veldig. I starten var det berre radio for dei store verdsspråka. No er vi i gang med å tilrettelegge for språket bengali for folk frå Bangladesh.
Dei fleste lyttarane er ikkje katolikkar, har Ingri inntrykk av. Lyttarane er gjerne unge folk som vil høyre nyhender som andre ikkje tilbyr.
Lokala til Vatikanradioen ligg rett i nærleiken av den vakre St. Peterskyrkja. (Foto: Line Gevelt Andersen, NRK)
Ein populær mann, pave Johannes Paul II
Pinleg pavemøte
Det er mykje prat om "gamlepaven" på lunsjrommet i Vatikanradioen. Dei fleste som jobbar der møtte pave Johannes Paul II i hans tid, og Ingri hugsar spesielt éin episode. Og det er fordi det var ein ganske pinleg affære.
- Ein gong spurte han om eg hadde ein penn. Men eg brukar å tygge på pennar, og hadde berre ein istykkertygga penn. Eg syns ikkje eg kunne gje den til han, så eg sa at eg ikkje hadde. Etter det har eg alltid hatt fine pennar på meg.
Ingri kan fortelje at pave Johannes Paul den II var ein mann som var glad i å spøke.
Ein gong satt han seg plutseleg ned, dro opp kappa for så å knytte skolissene. Sekretærane vart forferda og ba om orsak for paven sin oppførsel. Då lo paven, for han hadde gjort det med vilje for at dei skulle syns det var pinleg.
Krig på radioen
Innhaldet i radioprogramma har som hovudmål å informere folk om den katolske kyrkja. Det har alltid noko med kyrkja å gjere, seier Ingri.
- Det kallast jo pavens radio, så det han seier og gjer er sjølvsagt hovudfokus.
Paven og vatikanet har ein tradisjon på å involvere seg i konfliktar, som til dømes under 2. verdskrig. Medan Goebbels svor at han skulle gjere Vatikanradioen taus, samarbeida Vatikanet med den franske motstandsrørsla og formidla hilsenar frå slekt og vener til innsette i fengsel. Ein stat i staten opererte på eige hand via radio.
Ingri kan fortelje at paven framleis nyttar radioen flittig for å fortelje folket kva han meiner om krig og konfliktar. Han gjorde mellom anna alt han kunne for å hindre krigen i Irak.
Hobbymedarbeidar i Noreg
Det blir ikkje berre produsert stoff frå Roma. For i Trondheim sit det ein kar som lagar innslag på hobbybasis, Ola Åmodt.
- Ein får jo igjen for det. Lite pengar, men lønn i himmelen. Men det er godt å ha ein bankkonto der og trur eg.
Han dekkjer heile Noreg, men mest Trondheim. I tillegg er han Vatikanradioen sin einaste korrespondent i Noreg. Det vil seie at han får sjansen til å forfatte dei norske tekstane paven skal sei når nordmenn dreg for å møte han.
- Johannes Paul II var svært språkmektig. Og han hadde ein heilt spesiell utstråling.
Den katolske kyrkja på nett
Vatikanradioen har fått hjelp til å lage sine eigne podkastar(radiolydfilar på nett) av mannen bak ei av verdas mest kjende podkastar. (Her kan du laste ned podkastane)
Mannen er fader Roderick og sida heiter Catholic Insider. Den kjente presten dreg rundt i verda iført prestekjole og mikrofon.
Fader Roderick i videosnutt på Catholic Insider.
Idéen fekk han då pave Johannes Paul den andre låg for dauden. Med den innsikten han hadde som katolsk prest, kunne han gje lyttaren ei heilt spesiell dekning av paven sine siste dagar.
Og podkastene til Catholic Insider kjem framleis ut. Det er ei salig blanding av kultur,teknologi, reiseskildringar og religion.
Sjå nettsida catholic Insider her