Les Filmpolitiet Birger Vestmo sin anmelding av filmen her
Filmtittelen "A prairie home companion" er namnet på eit amerikansk radioshow som har heldt fast på lyttarane i 32 år. Garrison Keillor ER sjølve ”A prairie home companion”. Han er sanger, skuespiller, manusforfattar og programleiar.
Programleiar i Kurer, Line Gevelt Andersen, fekk gleden av å reise til Minnesota for å møte radioverten Garrison Keillor.
Du kan høyre møtet laurdag 23.sept klokka 12:03 og i reprise måndag 25.sept klokka 13:03. Er du ikkje så stø i engelsk kan du like gjerne bli kjent med mannen i denne saka.
Foto/Copyright: Bobby Summers
Ei dødsforelska radiostemme
Det var ikkje kun lidskap til radio som fekk mannen til å ta mikrofonen.
- Eg begynte i radio fordi eg ville imponere ei jente. Men ho høyrde ikkje det eg gjorde på radioen. Dette var radio som kun vart sendt internt på skulen, og ho budde heime og kunne ikkje høyre meg. Men eg likte vel berre det å kunne fortelje ho at eg jobba med radionyhender.
Men ho var ikkje den einaste som gjekk glipp av studenten Keillor som nyhendeopplesar.
- Studentane dreiv radioen, men ikkje så veldig godt. For på slutten av året gjekk det opp for oss at radiosendaren hadde vore øydelagt lenge. Og ingen sakna sendinga vår.
Det var altså ingen som merka at radiosendingane var vekk. Og det i løpet av ni månader. Han fekk heller aldri jenta han sleit for.
Bok eller radio?
I 1974 leia han sin første ”A prairie home companion” direktesending. Men han var òg glad i å skrive.
- For meg har skriving hatt status. Radio var berre noko eg gjorde for å tjene til livets opphald på den tida.
Han ga mellom anna ut dei populære romanane ”Happy to be here” og ”Lake Wobegon days”. I all medvinden bestemte han seg for å droppe radioen og satse fullt som forfattar.
- Eg flytta til København for å skrive den store romanen eg trudde eg bærte i meg. Men eg fann den berre ikkje fram. Det var som om å alltid ha drøymt om å jobbe i sirkus, for så å oppleve at ein ikkje likar elefantar.
To av hans mest kjente bøker "Leaving Home" og "Lake Wobegon days"
"A prairie home companion"
Han dro tilbake til Amerika og starta opp radioshowet igjen. Han måtte innrømme at han hadde sakna det. Dette var og er eit varitèshow som inneheld sang, musikk, vitsar og små fortellingar.
- Kjensla av at ein får noko til driv meg. Eg går ut på scena utan manus og forteljer ei historie. Det er delvis humor, delvis historieforteljing.
Garrison Keillor er stolt av kva han får til, og føler eit visst ansvar for å fortsetje ettersom det ikkje finst noko liknande på amerikansk radio.
- Det er spontant og uforutsigbart. Folk er vant til å høyre planlagt radio med ferdigprodusert musikk. Improvisasjon er veldig uvanleg. Noko som gjer det meir attraktivt.
Showet har til og med ein eigen mann som lagar improviserte lydeffektar på direkten, inspirert av praten som går i studio.
- For meg er ingenting av det som skjer under sending rart. Alle katastrofer som måtte skje på direkten er berre ein del av showet.
Han har fleire gongar opplevd at lyttarar har sendt inn brev etter sending, fordi dei har blitt så rysta av kva dei har høyrt.
- For eit par år sidan fortalte for eksempel ein mann ein vits om ein fyr som hadde ein veksande penis i panna. Vel, kva skal ein gjere? Han fekk fortelle vitsen ferdig, og så gjekk vi berre vidare i showet.
Finn sendingar frå "A prairie home companion" her
Keillor på besøk på Harvard University ( Foto/Copyright: Justin Ide )
Nervøse stjerner
Programmet har ofte store stjerner som gjestar. Keillor synes det er interessant å observere kjente filmskodespelarar omstille seg til radio. Ei av dei som har stilt opp i radioshowet er Meryl Streep, den same stjerna som spelar mot Keillor i filmen "A prairie home companion".
- Dei blir så nervøse. I filmen kan dei utforske kordan dei skal setje eit glas med iste ned på eit bord og så seie ein replikk ved å gjere det igjen og igjen på ulike måtar. Dei er perfeksjonistar.
Men i hans program får dei berre ein sjanse. Direkte på lufta.
"Nordmenn" som naboar
Garrison Keillor vaks opp i ein liten by i Minnessota kor veldig mange av tysk og skandinavsk bakgrunn hadde bosett seg. Norskamerikanere dominerte heimstaden.
- Dei er jo ikkje eigentleg nordmenn, dei er amerikanere. Men dei har eit sentimentalt forhold til forfedra sine, og likar sjå på seg sjølv som nordmenn.
Desse menneska har prega både forfatterskapet og radioprogramma. Mange av karakterane er norskamerikanere som bur i den lille oppdikta byen Wobegon.
Keillor seier at han ikkje veit mykje om Noreg som det er no ettersom norskamerikanarane representerar eit eldre Noreg, men han har eit bilete av menneska. Og det er at dei er hardtarbeidande og innadvendte og har vanskeleg for å vise kjensler.
- Eg sto ein gong på flyplassen då nokre norskamerikanarar skulle ta imot norske slektningar. Dei hadde veldig lite å seie til kvarandre, og det var så lite varme.
Ein av teoriane hans er at nordmenn er slik fordi vi er fiskarar som gjennom tidene har jobba meir enn vi har snakka. Ein annan ting han har bitt seg merke i ved norskamerikanarar er Janteloven. Noko han meiner har sine gode sider.
- Eg trur Janteloven er bra for barn. Det å kunne oppføre seg og forholde seg til at det finst andre rundt ein er sunt. Mange barn blir jo berre monster og vil vere midtpunktet heile tida.
Til neste år vil Garrison Keillor få sjansen til å oppleve om janteloven står like sterkt blant nordmenn i Noreg. Då kjem han nemleg hit med showet sitt på turné.