Manuset blei nesten aldri snakka om, og blei ikkje lese før Max Manus fylte seksti år, og sonen batt det inn og gav det til far sin.
– Eg hugsa at vi snakka om det og han ønskte aldri å gje ut boka, og mor ønskte aldri å reinskrive manuset. Rett etter krigen var det nok litt for tøft, fortel dottera Mette Manus.
Manuset som Max Manus skreiv i 1948.
Foto: NRKFaren hadde nok tenkt at manuset trengde ein gjennomgang.
Men no, 73 år etter, har ho og broren henta fram det gamle manuset, som faren skreiv. Utan å redigere det, har dei trykt opp boka.
– Ingen redaktør har vore inne, ingenting har blitt retta opp.
– Det er akkurat slik han skreiv det. På tynne, tynne ark.
«Rottejegeren»
Boka er ein roman og heiter «Rottejegeren». Eit namn som blei brukt av dei som utførte dei skitnaste jobbane: Likvidering av spionar, tystarar og nazistar.
Mette Manus, dottera til Max Manus.
Foto: NRK– Far var heldig, han slapp å likvidere. Men han var tett innpå dei som gjorde det og snakka fleire gongar om kor forferdeleg jobben var.
– Difor var det nok uaktuelt å gje ut dette etter krigen, då både pårørande og dei som hadde vore med på dette framleis levde.
Rottejegerane blei det nesten ikkje snakka om etter krigen.
– Det blei lagt lok på, men broren min fann ut at han ønskte å gje ut manuset og vi kom fram til at det var interessant å belyse denne delen av krigshistoria.
Bokcoveret til «Rottejegeren», skriven av krigshelten Max Manus.
Foto: NRKNår Mette les boka so høyrer ho faren si stemme.
– Eg kjenner han så godt att. Orda og vendingane er kjende. Og han er svært god til å uttrykke alle dei vonde kjenslene, mareritta og alt det som han sjølv gjekk gjennom.
Fekk ikkje psykologisk hjelp
– Det var ikkje noko som heitte posttraumatisk stress etter krigen, men alle sleit med det, fortel Mette.
Ho seier at det ikkje var psykologar som tok imot dei som hadde vore i krigen, og at dei måtte handtere mykje på åleine.
– Det var nok mykje å takle for far også. Brått er alt over og verda går vidare. Mange følte nok på keisemd og einsemd. Dei hadde vore i fare så lenge og bidrege så mykje.
Ho meiner at boka er eit tidsbilete for tida etter krigen. For korleis dei som var med i krigen hadde det.
Max Manus under frigjeringa i Oslo. Den 13 mai 1945 var Max Manus kronprins Olav si livvakt. Kronprinsen køyrer i open bil ved heimkomsten.
Foto: NTB / NTB– Boka skildrar stemninga og korleis dei hadde det etter krigen og redselen for ein ny krig.
Ho fortel vidare at dei frykta, at det dei hadde arbeida for var forgjeves.
Manus meiner også at boka er viktig for samtida.
– Vi har unge soldatar ute i dag, som også kjem heim med traume. Difor gjeld ikkje dette berre for andre verdskrig. Har ein vore i kamp og dei stressande situasjonane, så kan du få etterverknadar. I dag kan ein heldigvis få meir hjelp.
– Ei modig avgjersle
Aslak Nore, forfattar og forlagsredaktør opplever dette som ei krigsveteranbok. Og ei historisk viktig bok. Han har sjølv arbeida mykje med krig som tema.
– Det at ein mann med Max Manus sin posisjon i norsk historie – teke opp eit tema som likvidasjon, så tidleg etter okkupasjonen, er modig, seier han og held fram:
– Det har vore ein tendens til at visse tema har vore vanskelegare enn andre. Og det med likvidasjonar har ein ikkje snakka så mykje om.
Han håpar at boka kan bidra til å revitalisere den norske krigshistoria.
– Desse gutane, unge krigsveteranar har tatt livet av menneskje. Dei sleit meir etter krigen enn mange gav uttrykk for. Ein snakka ikkje så mykje om dette. Max Manus går inn i eit kontroversielt tema, men på ein human måte.
Historikarar har fastsett at 82 stykk blei likviderte på denne måten under andre verdskrig.
– Vi må våge å stille oss spørsmålet om vi er modne for å snakke om dilemmaa desse rottejegerane stod i. Det var både kvinner og menn som blei likviderte under krigen, både fordi de var spionar og torturistar, meiner han.