Kor viktig har Økland vore?

- Einar Økland har betydd for norsk poesi og litteratur det ferjene har betydd for vestlandet dei siste 70 åra, meiner forfattar Øystein Hauge.

Einar Økland

Einar Økland. Biletet er frå 1988.

Foto: NRK

Forfattarane Helge Torvund, Øystein Hauge og Agnes Ravatn har alle eit nært forhold til Einar Øklands skrivekunst. Og dei nyttar store ord når dei omtalar Økland.

Øystein Hauge:

Forfatter Øystein Hauge

Øystein Hauge.

Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

- Korleis vil du skildre Øklands poesi?
- Dikta hans hjelper deg å finna fram til ting. Og med ting meiner eg: Alt og ingenting - og tilbake til alt att. Når det handlar om å skrive fram det nære og konkrete har Einar Økland ei evne dei fleste av oss andre berre kan drøyme om. "Alt er så nær meg" er tittelen på Klaus Hagerups bok om mora Inger Hagerup. Ja. Nettopp!

- Kva har Økland betydd for deg som sjølv er ein skrivande poet?
- Då eg ga ut diktboka "Bare" i 2002 insisterte eg på å få med undertittelen "Lærestykke". Då hadde eg naturlegvis Einar Øklands læredikt og absurdismar i bakhovudet. Slik vart også boka ei helsing til ein forfattarkollega eg første gong møtte under ei opplesing i Det norske Teatret - og som eg fram til dags dato har lese jamnt og trutt.

- Kva har han betydd for norsk poesi og litteratur?
- Einar Økland har betydd for norsk poesi og litteratur det ferjene har betydd for vestlandet dei siste sytti åra.

Agnes Ravatn:

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn.

Foto: Paul Bernhard

- Korleis vil du skildre Einar Øklands forfattarskap?
- Det er inga lett sak å skildre eit forfattarskap som kanskje har mangfaldet som sitt fremste kjenneteikn. Av Profil-forfattarane er Økland den aller mest originale, og den av dei som er vanskelegast å fange. Han har ikkje tru på "det heile mennesket" - han forstår at mennesket kan vere mange ting, mesteparten veit me ikkje om sjølv, og han er skeptisk til heilskapssystem og -tenking. Dette viser att i forfattarskapen hans. Han har vore konkretist her, nyenkel der, surrealist der. Han har skrive i alle sjangrar, og heile vegen fornya seg. Dei essayistiske tekstane har minst éin ting til felles: det er ingen tvil om at dei er skrive av Økland. Han har sin eigen umiskjennelege, men upåtrengande stil - "den øklandske klo" kallar Fløgstad det - som gjer at ein lett kan gjette seg til forfattaren. Han skriv klokt, vakkert, originalt, syrleg, morosamt og er kjend for sine plutselege tankesprang som lesaren må slite med. Og så må kulturhistorikaren og folkeminnesamlaren Økland nemnast. Han skriv om slikt som andre ikkje kjem på at det går an å skrive om. Det er til dømes ingen litteraturforskarar som har skrive om malebøker for barn - men det har Økland gjort.

- Kva har Einar Økland gjort for norsk litteratur?
- Einar Økland er noko av det klokaste dette landet har, og utan han ville Noreg vore endå dummare. Dette vil han sikkert ikkje høyre snakk om. Han likar å skryte av å vere alminneleg, og vil ikkje bli kalla eineståande, for han veit kva som er meir eineståande. Men akkurat på dette punktet veit lesarane hans betre. "Eg ønskjer å vere ein totalt ukjend som blir oppdaga og funnen. I min ønskedraum vil eg helst bli oppdaga av nokon eg ikkje kjenner, og som eg slepper å kjenne - men som eg veit eg ville like likevel," har han sagt. Det er ingen lysande mediestrategi, men det er ein vakker ønskedraum som går i oppfylling heile tida.

- Kva har han betydd for deg som forfattar?
- Det er vanskeleg å svare på, men skal eg trekke fram noko, er det korleis hans store essayistiske forfattarskap - 2500 sider - med refleksjonar over litteratur, skriving og kunst, har påverka meg til å tenkje betre rundt kva eg sjølv driv på med. Økland burde vere på pensumlistene både på litt.vit og kanskje særleg på skriveskulane. Eg kan trekke fram éin tekst, den står i samlinga med den sinnssjuke tittelen "I staden for roman eller humor", og heiter "Herren forbarme hesten". Dette essayet handlar om Øklands mangeårige erfaringar som "leigelesar og lesehore", som lyrikkonsulent på Samlaget, og reiser ein del ubehagelege spørsmål rundt kva vitsen med å skrive eigentleg er - spørsmål som alle unge skrivande må stille seg.


Helge Torvund:

Helge Torvund

Helge Torvund.

Foto: Geir Rommetveit / NRK

- Korleis vil du skildre Øklands poesi?
- Å lese Økland som ung var ei slags openbaring. At det går an! Nye tekstlandskap og nye måtar å laga dikt og bøker på. Både dikta for barn og dikta for vaksne har eit tydeleg, men udefinerbart øklandsk stempel; noko leikande og viltert, eit mot til å la språket få ein sjanse til å opne seg i nærleiken av det heilt vanlege, men også med store vakre portar inn til det alvorlege og einsame. Det einsame me er saman om. Økland erter oss på seg, ristar oss av seg og teier oss i hel der vi venta noko meir. Så må ein smile, og så må ein le, og så vert ein sitjande og tenkje.

- Kva har han betydd for deg?
- Han har vore som ein grevling med hatt. Han har rota rundt på bakkenivå og stukke nasen sin djupt inn i det andre bare slengjer frå seg. Sjølv om han ofte held seg for seg sjølv og ikkje vil sloss, så kan ein merke at han har skarpe tenner når noko pirrar han. Brått kan me høyre nokre merkelege lydar frå det huset der vi har kasta ting. Så har han ei ny bok ferdig. Av og til har det overraska meg at grevlingen har vinger.

- Eg har elles møtt på han som konsulent for mine manus. Og då har han vist eit uvanleg fint gehør for det andre lagar. Ein gong eg stod ute på plenen og las konsulentfråsegna eg hadde henta i postkassa, byrja eg uventa gråta fordi eg kjende meg så godt motteken, så djupt forstått.


- Kva har han betydd for norsk litteratur?
- Barnebøkene hans har openbart laga heilt nye rom der barn kunne gå inn saman med bokstavane. Eller sett nytt lys på gamle krokar. Nokre prosastykke og noveller har kraft i seg til å skapa ein målestokk. Men gjer det dei? Eg veit ikkje. Eg tvilar. I ein del essay har han teke til orde for haldningar som eg oppfattar som uvanleg mogne måtar å forhalde seg til menneske og fenomen på. Han kan vere entusijazztisk og musikalsk. Knudrete og uviljug til å seie det som vert forventa av han. Det har vore viktig for meg. Og då har det forhåpentlegvis også vore det for andre? Men har det betydd noko for norsk litteratur? I fagbøkene har han halde oppe eit høgt nivå av språkleg presisjon og detaljkunnskap, innsikt på området. Det bør vera med på å stille krav til andre. Kva ønskjer han å bety for oss? Han skriv ein stad: «Om eg hadde større kraft / gjekk eg endå stillare/ forbi».

Kulturstrøm

  • Mozartkulekonkurs i Saltzburg

    Den ærverdige sjokoladeprodusenten Salzburg Schokolade begjærer nå konkurs. Firmaet har eksistert siden 1800-tallet og lanserte den ikoniske "Mirabell Mozartkugel"-sjokoladen i 1948. Nå mister 140 arbeidere i Mozart-byen jobben, skriver nettstedet The Mayor. Imidlertid vil Mozartkuler fortsatt bli produsert av andre sjokolademerker, ettersom de ikke er opphavsrettslig beskyttet.

  • «Hodejegerne» blir norsk TV-serie

    TV 2 lager en ny stor TV-serie basert på Jo Nesbøs roman «Hodejegerne». I serien spilles hodejegeren Roger Brown av Axel Bøyum, er kjent fra serier som «Heksejakt» og «Heimebane». Serien blir en av kanalens storsatsinger i 2022 , melder VG.