Hopp til innhold

Kongen av kongolesisk rumba er død

Musikaren Papa Wemba kollapsa på scena under ein festival i Elfenbeinskysten på søndag. Kulturministeren i Kongo kallar det eit stort tap for Afrika.

Papa Wemba

DRAMATIKK: Papa Wemba stod på scena under ein konsert i Abidjan i Elfenbeinskysten, då han kollapsa.

Foto: - / Afp

Papa Wemba var ein av Afrikas mest kjend musikarar. Fleire tusen menneske hadde møtt opp i Abidjan i Elfenbeinskysten for å høyre han synge.

Midt under konserten kollapsa Wemba på scena. Han vart raskt køyrd til sjukehus, men legane klarte ikkje å redde han.

Wemba vart berre 66 år gamal. Ifølgje The New York Times verka han frisk då han hadde møtt journalistar nokre dagar tidlegare. Årsaka til at han kollapsa og døydde er enno ikkje kjend.

– Stort tap for Afrika

Plakat av Papa Wemba

SÅG OPP TIL WEMBA: For mange barn og unge var Papa Wemba eit stort førebilete.

Foto: SIA-KAMBOU / Afp

Papa Wemba har spelt ei viktig rolle i å modernisere afrikansk musikk. Blandinga av afrikanske, cubanske og vestlege rytmar er blitt ein av Afrikas mest populære musikkstilar.

– Han er eit stort tap for heile landet og heile Afrika, sa kulturministeren i Den demokratiske republikken Kongo, Baudouin Banza Mukalay.

Mukalay framheva Wemba som eit førebilete for kongolesisk ungdom, og ein som har vore til stor inspirasjon for mange.

Tok rumbaen ut i verda

Det eigentlege namnet hans var Jules Shungu Wembadio Pene Kikumba. Han var fødd i 1949, og starta å synge i religiøse kor.

Den musikalske karrieren hans skaut fart då han som 20-åring vart kjend med bandet Zaiko Langa Langa i 1969. Dei utfordra posisjonen til dei store musikalske heltane som til dømes Tabu Ley og Franko & OK Jazz, ved å gjere kongolesisk populærmusikk meir moderne.

SAPE-FASHION

INSPIRASJON: Dei brukar store beløp på designarklede, og er ein del av motekulturen blant unge menn i Kongo.

Foto: Junior D. Kannah / Afp

På 1980-talet tok Wemba europeiske dansegolv med storm med sin høgenergiske «soukous». Med eit nytt band, Viva La Musica, flytta han til Paris, og bidrog til at kongolesisk musikk òg vart populært utanfor Afrika.

Forutan den musikalske påverknaden, var Wemba òg eit moteikon. Han vart inspirasjon til ei kulturrørsle, som vart kjend som «Les sapeurs». Denne subkulturen består hovudsakeleg av unge menn som kler seg i dyre dressar og luksuriøst tilbehøyr, noko som er ein sterk kontrast til det miljøet dei lev i.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.