Hopp til innhold

Kokebøker er gastroporno

Store flotte kokebøker er gastroporno og vil ikkje få folk til å lage meir mat. Det seier professor i sosialantropologi Runar Døving, ein kritikar av norsk matkultur.

Morten Schakenda
Foto: Torstein Paulsen / NRK

Dei som kjøpte eller fekk kokebøker i julegåve kjem ikkje til å bake og lage mat særleg mykje meir enn dei allereie gjer. Det meiner professor i sosialantropologi Runar Døving.

- Dei fleste kokebøkene som ikkje har indeks og som ikkje dekker det fulle spekteret slik som kokeboka til Ingrid Espelid Hovig er fyrst og fremst gastroporno, seier han.

- Dei er fine å sjå på, men dei blir lite brukt. Det er gåvebøker og får ikkje den store bruken. Kanskje ein eller to gongar så forsvinn den, held professoren fram.

Baking blir kunstverk

Runar Døving

Kokebøker er gastroporno, meiner Runar Døving.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Ei av dei kokebøkene som sikkert låg under nokre tusen juletre for nokre dagar sidan, er "Om boller brød og tilfeldigheter fra bakeriet i Lom". Den inneheld oppskrifter frå kokken Morten Schakenda, som starta bakeri i Lom i Gudbrandsdalen for fem år sidan.

- Det som fascinerer meg med baking er den organiske prosessen som går ifrå du blandar mjøl og vatn, til tilsetjing av gjær og salt. Du ser heveprosessen og korleis det endrar seg når det står i omnen. For meg er det eit kunstverk i seg sjølv å ta ut eit perfekt brød, seier den etter kvart så kjende bakaren.

Og brøda til Morten Schakenda blir nesten sett på som kunstverk. Dei er store og saftige. Smaken minnar om dei beste heimebakte brøda du åt då du var liten.
Bakeriet til Schakenda ved brua i Lom sentrum leverer brød til blant anna utsal i Bergen, Trondheim, Oslo og Lillehammer. No har han gitt ut det som har blitt kåra til årets norske kokebok. Ifølgje forlaget kjem den til å selje i over 15 000 eksemplar.

Matpakka er kjedeleg

Bakaren sjølv har også gjort seg nokre tankar om eigne kundar. Særleg dei som kjøper brøda hans.

- Eg trur dei fleste som handlar med meg er dei som bakte sjølv før. Når vi snakkar med daglegvarekjedene her på Lom, sel ikkje dei noko mindre brød enn det dei gjorde tidlegare. Eg trur ikkje dei som kjøper brød 6,90 på tilbod har endra seg noko særleg, meiner Schakenda.

Brød er basisen for dei aller fleste måltida vi nordmenn kastar i oss. Fleirtalet et brødmat to-tre gongar dagleg, eller mellom 700-800 gongar i året. Døving synest det er trist og han er spesielt negativ til vår daglege matpakke, som han meiner er ein institusjon som har overlevd seg sjølv.

Men treng eigentleg brødmat å vere så kjedeleg og trist?

- Vi kan lage spennande matpakker, men gjer vi det? Nei. Det er vanskelege å få til å lage ein god og innbydande matpakke. Det krev tid og omsorg som eg ikkje er i stand til å yte meg sjølv når eg skal lage matpakke, så eg droppar det, seier sosialantropologen.

Det er opplagt at om vi bakar meir spennande brød får vi ein meir spennande matpakke. Men sjølv om ein del av oss eig praktbakeboka til Schakenda eller ei anna kokebok med liknande tips, så vil berre eit fåtal av oss bruke desse bøkene aktivt. Viss vi skal tru Døving. Resten vil setje bøkene fint opp i kokebokhylla.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters