Alle klassevinnarane i dans under Landskappleiken 2001 i Rauland:
Dans fele klasse A
I elitenklassen, dans fele klasse A var det 13 startnummer.
Haldis Hårdnes Dalåsen og Per Dalåsen frå Alvdal spellmannslag vann denne klassa med Springleik frå Alvdal. Dei fekk 1. premiegrad.
Dans fele klasse B
I denne klassa var det også 13 startnummer og vinnarane fekk her 2. premie. Danseparet Veslemøy Nordset Bjerke og Bjørn Sverre Hol Haugen frå Tusser og Ladder vann med Polsdans frå Finnskogen.
Dans fele klasse D
I eldste klasse, dans fele klasse D, stilte eit dansepar til start. Det var Reidun Ravnestad og Kjell Østby frå Landslaget for Spelemenn. Dei dansa Rørospols og fekk 2. premie.
Dans hardingfele klasse A
Anne Røine og Håkon Dregelid frå Voss spelemannslag dansa seg heilt til topps i eliteklassa. Dei fekk 1. premie med Rudl frå Vossestrand blant 25 startnummer.
Dans hardingfele klasse B
Heilt til topps blant dei 25 deltakarar i denne klassa kom medlemmar av Øystre Slidre spel- og dansarlag. Det vart 1. premie til Anne Kjelfrid Nøbben og Tore Bolstad som dansa Valdresspringar. Tore vann også spel hardingfele klasse A.
Dans hardingfele klasse C
Det vart også 1. premie til vinnarane i yngste klasse dans der åtte dansepar konkurrerte. Eli Børsheim og Torkjell Børsheim vann med Ulvikspringar. Dei stilte som deltakarar for Hardangar spelemannslag.
Dans hardingfele klasse D
I eldste klasse, dans hardingfele, var det i alt sju deltakarar. Elinor Hope og Gunnar Hope frå Kongsberg spel- og dansarlag vann her med 1. premie for Numedalsspringar.
Lagdans junior
Det var to deltakarar og det var to andrepremiar i denne klassa. Vann gjorde Småjondølene frå Småjondølenes dansarlag.
Lagdans senior
17 lag stilte til start i lagdans senior. Småjodølene frå Småjodølenen dansarlag gjekk til topp med 1. premie.
Lausdans klasse A
Seier vart det også til Småjondølene i denne klassa. I alt var det sju deltakarar og Sigbjørn Rua vann med 1. premiegrad.
Lausdans klasse B
I denne klassa var det berre tre deltakarar. Anders Asberg frå Geilo gjekk av med 2. premie og seier i klassa.
Lausdans klasse C
Her vart det delt ut ein 1. premie blant dei tre deltakararane. Vinnar vart Torkjell Børsheim frå Hardanger spelemannslag.