Me lever i ei tid der Fedon Lindberg har alt for mykje han skulle ha sagt. Ei tid der det er for mykje fokus på grønsaker. Dette har i lengre tid irritert både Vetle-Ivar og redaktør Tokvam. Dei er overraskande samde på dette punktet.
Namn: Olaug Nilssen Yrke: Hovudmålsforfattar Født: Romjula 1977 Vekt: Truleg tre-fire kilo Debutbok: "Innestengt i udyr" Andre: "Vi har så korte armar", "Ronnys Rompe" Kåra av Morgonbladet til ein av landets ti fremste unge forfattarar.
Dei lengtar begge tilbake til den tida "Espelida" stod for det som var av mat/kosthald i media. I dag er det for mange kokkar, for mykje søl og alt for lite kraftige kjøtmiddagar.
Bein og marg
Gleda er difor stor når forfattar Olaug Nilssen inviterer på god gamaldags kjøtmiddag med både bein og marg.
Bloggar
Olaug er ein ivrig bloggar. Bloggen til Olaug Nilssen finn du her: Bloggen til Olaug
TV-program
Olaug Nilssen dukkar også opp når Radio Røynda kjem på fjernsyn rett etter påske. 3 Radio Røynda TV-program vert det, og det første program kjem tysdag 29. mars på NRK2, med reprise fredagen 1. april på NRK1.
Les mer: Intelligent liv på baksida av vestlandet?
Husorkesteret Finn Erix saman med Olaug Nilssen.
Norgesglasset NRK P1