Hopp til innhold

Kjersti Horn blir ny sjef på Det Norske Teatret: – Det er ei stor ære

Regissør Kjersti Horn blir ny teatersjef på Det Norske Teatret når Erik Ulfsby går av i 2025.

horn kjersti

Ho tek over som teatersjef i 2025.

Foto: Hilde Bjørnskau

Kjersti Horn tek over stafettpinnen som teatersjef etter Erik Ulfsby. Han har vore sjef i 14 år og går av i 2025.

Det melder NTB.

Den nye teatersjefen vart presentert på allmøte måndag føremiddag.

Første kvinne på nesten 80 år

Kjersti Horn blir den første kvinna i stillinga som teatersjef sidan Cally Monrad sat i sjefsstolen på tysk-venleg side dei tre siste krigsåra 1942–1945.

Det stod 17 personar på søkjarlista, ti kvinner og sju menn.

Det Norske Teatret i Oslo er vertslokale for en stor Equinor-konferanse 29.11.

Det Norske Teatret i Oslo er ein viktig sceneinstitusjon i Norden.

Foto: Philippe Bédos Ulvin / NRK

– Stor ære

Kjersti Horn tek over som teatersjef i eit åremål på fem år.

– Det er ei stor ære å få lov til å jobbe saman med kunstnarane og staben på Det Norske Teatret for å gjere prosjektet som teateret er både tydelegare og sterkare. Eg ønskjer å skape rom for at enno fleire menneske kjenner seg velkommen hos oss, seier Kjersti Horn i pressemeldinga frå Det Norske Teatret.

Spring Awakening, regissør Kjersti Horn

Kjersti Horn har hatt ei lang karriere som regissør. I år vann ho Heddapris i kategorien beste regi for oppsetjinga av «Romeo og Julie» ved Den Nationale Scene i Bergen.

Foto: Inger-Marit Sæby

Også styreleiaren ved teateret, Hilde Barstad er nøgd.

– Eg er stolt over at vi kan presentere Kjersti Horn som ny teatersjef. Ho er ei sterk kunstnarleg kraft som vil vere med på å utvikle dei beste tradisjonane og verdiane i Det Norske Teatret om å vere eit djervt, ope og engasjerande teater. Vi ser fram til hennar leiargjerning hos oss, seier styreleiaren.

– Ein uredd regissør

I pressemeldinga skildrar Det Norske Teatret Kjersti Horn som ein uredd regissør.

– Med eksperimentelle og risikofylte prosjekt har ho nådd ut til eit stort publikum.

Det siste året har Horn vore aktuell med, og fått mykje merksemd for maratonførestillinga om Kristin Lavransdatter med Sara Khorami i hovudrolla. For denne rolla fekk også Khorami heddapris i kategorien beste kvinnelege hovudrolle.

– Horn overtek eit hus med enorm kompetanse

Kulturkommentator i NRK, Inger Merete Hobbelstad, meiner Det Norske Teatret har valt ein svært distinkt regissør til å leie teateret.

– Horn har gjort seg bemerka i norsk teater med oppsetjingar som eg opplever som svært fysiske, men også veldig teatrale, med avstand til det realistiske.

Inger Merete Hobbelstad

Kulturkommentator i NRK, Inger Merete Hobbelstad, ønskjer den påtroppande teatersjefen lukke til.

Foto: INA STRØM

Hobbelstad trur Horn også har ein krevjande jobb i møte.

– Det blir spennande å sjå korleis ho vil handtere eit stort teaterhus som nødvendigvis må ha eit svært mangfaldig repertoar. Publikum vil ha ei forventning om store musikalar på hovudscena medan målfolket vil passe på at nynorskforfattarane blir varetekne. Som statsstøtta teater må dei også by på meir eksperimentelle og uventa førestillingar for å forsvare posisjonen sin.

Hobbelstad legg til at det er ei krevjande tid for teatera i landet som ikkje heilt har funne tilbake vegen til seteradene etter pandemien. Men ho har likevel trua.

– Ho overtek eit hus med enorm kompetanse. Det er berre å ønskje lukke til!

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters