Hopp til innhold

Kina må opne opp for kultur

Verdas handelsorganisasjon vil tvinge Kina til å sleppe til utanlandske kulturaktørar.

Det kinesiske flagget
Foto: Colourbox

Amerikanske myndigheiter har lenge skulda Kina for å drive handelsblokkade av utanlandsk kultur, og klaga landet inn for Verdas handelsorganisasjon (WTO) i 2007.

Mellom anna har fleire av dei største internasjonale kinosuksessane frå Hollywood ikkje fått distribusjon i Kina.

Men no har verdas største produsent av populærkultur fått medhald.

I dag bestemte Verdas handelsorganisasjon seg for å beordre Kina til å lette på dei strenge restriksjonane landet har på utanlandske filmar, musikk og trykksaker, og sleppe til utanlandske distributørar og importørar.

Medan kinesiske myndigheiter er skuffa over avgjerda, kallar den amerikanske filmbransjen avgjerda ein stor siger.

Ein siger for Hollywood

- Denne avgjerda er eit viktig steg mot å sleppe til legitime produkt i den kinesiske marknaden, ein marknad i kraftig vekst, og med stort potensiale, seier Dan Glickman i bransjeforeininga The Motion Picture Association of America (MPAA) til nyheitsbyrået AFP.

Trass i press frå Hollywood, har piratkopierte produkt fullstendig dominert den kinesiske marknaden i årevis. Nye filmar har blitt spreidd illegalt i rekordfart etter at filmane har hatt kinopreimere.

Det amerikanske handelskammeret i Kina skriv i ei pressemelding at dei no håper på ein opnare marknad.

- Dei umiddelbare verknadane av WTO si avgerd er vanskelege å måle. Men over tid burde dette bidra til ein friare, meir open marknad i Kina.

70 utanlandske filmar årleg

I følgje ein statleg rapport frå 2006, tillet Kina opptil sytti utanlandske kinofilmar årleg.

Kinesiske myndigheiter meiner at dei har følgt alle pålegg frå WTO for å opne opp den kinesiske marknaden, etter at dei blei med i organisasjonen i 2001.

- Kina har på ingen måte blokkert utanlandske publikasjonar, film og musikk frå å komme inn i den kinesiske marknaden, uttalar talsmann for handelsdepartementet, Yao Jian.

Yao Jian seier i følgje AFP at Kina er skuffa over at WTO ikkje har avvist den amerikanske klagen.

- Vi vil evaluere WTO-rapporten nøye, og utelukker ikkje at det kan bli snakk om å anke avgjerda.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.