Bakgrunnen for varselet frå Statens medieforvalting er at Kanal 24 ikkje har sendt fire utvida nyheitssendingar på 15 minutt, slik konsesjonsvilkåra krev.
Forpliktande
- Vilkåret vart fastsett ut frå dei forpliktande programløfta som Kanal 24 sjølv gav i sin søknad om konsesjon, seier fungerande avdelingsdirektør Dag Løvdal i Statens medieforvalting.
Kanal 24 har grunngitt utkuttinga av dei lange nyheitssendingane med at nyheitsbiletet erfaringsmessig er treigare om sommaren, og at dei ikkje ville fylle opp langsendingane med agurkyheiter. Dette ville øydeleggje truverdet Kanal 24 har bygd opp gjennom nyheitsdekninga, meiner leiinga i Kanal 24.
Ikke overtydande
Statens medieforvalting synest ikkje dette er overtydande argumentasjon, og Dag Løvdal peikar på at etterleving av konsesjonsvilkåra ikkje kan gjerast avhengig av sesongmessige omsyn.
- Det ville vere opp til konsesjonsstyresmaktene, i dette tilfellet Kultur- og kyrkjedepartementet, å avgjere om det kan lempast på krava i forhold til konsesjonsvilkåra, seier han.
Profesjonell
Løvdal legg til at ein profesjonell nyheitsformidlar bør kunne møte utfordringa som ligg i ferieavvikling og eventuelle endra lyttemønster om sommaren, uitan å gå på akkord korkje med truverdet eller vilkåra som er nedfelde i konsesjonen.
Dette er første gong Statens medieforvalting vurderer å innføre sanksjonar mot ein kringkastar for brot på konsesjonsvilkåra.
Kanal 24 har frist til 2. august med å svare på varselet frå Statens medieforvalting.