Politiet seier dei har fått melding om at Justin Bieber skal halde ein konsert i Oslo mellom klokka 16.00 og 18.00 i morgon ettermiddag.
– Showet skal vere i området Operaen og Oslo S. Me ventar meir informasjon og eventuelle endringar, seier operasjonsleiar Tor Jøkling til VG.
Korkje Bieber sitt plateselskap Universal eller Operaen har bekrefta at Bieber skal opptre ved operaen.
- LES OGSÅ:
Hemmelege konsertar
Bieber skal i gang med ein promoturné og sparkar det heile i gang i Oslo.
Medan han gjekk om bord i flyet frå Los Angeles i går meldte han dette på nettsamfunnet Twitter:
«Ok. Klar for ombordstigning. TIL EUROPA! Fyrste del av operasjon hemmelege konsertar. OSLO første stopp. Sjåast snart ... Og ...»
Leverer scene
Før i dag twittra også Sentrum Lyd AS at dei skal levere scena som Bieber skal stå på.
«Vi leverer Scene for Justin Bieber i Morgen forran Østbanehallen / Oslo S i morgen. Alle Bieber Fans, møt opp!»
Tweeten er no blitt sletta.
Men mykje tyder på at ihuga fans kan møte opp i Oslo og sjå idolet sitt i morgon.
- LES OGSÅ:
NRK vil lage Bieber-produksjon
NRK vil lage eit program om Bieber sitt Norgesbesøk.
– Me er akkurat no i forhandlingar med managementet til Justin Bieber om ein produksjon, seier Petter Wallace, eksternsjef i NRK.
Konserten som det ryktast om er ein naturleg del av dette, men ein avtale må vere i boks før Wallace kan bekrefte noko.
– Før me kan bekrefte noko må me ha signaturane på plass, seier han.
LES OGSÅ: