Songaren og låtskrivaren Joni Mitchell har rykte på seg for å vera både sjølvstendig og kritisk, ikkje minst til musikkindustrien. No skal ho imidlertid gi ut sitt neste album ”Shine” på plateselskapet til den amerikanske kaffikjeden Starbucks.
Inspirert av Irak-krigen
Mitchell har ikkje gitt ut noko studioalbum på fleire år, men i eit intervju med The New York Times tidlegare i år, røpte ho at Irak-krigen var ei av inspirasjonskjeldene for songane til det nye albumet.
- Dette er det Joni-fansen har venta på. Det er den ekte Joni, forteljaren, seier Ken Lombard som er sjef for Starbucks-eigde Hear Music til nyheitsbyrået Reuters.
”Shine” inneheld ni nye låtar og ei nyinnspeling av klassikaren ”Big Yellow Taxi”, som Mitchell spelte inn første gong i 1970.