«Jomfrua i isen» er ein kriminalserie i fem deler etter ein roman av Ellis Peters.
Lytt til siste episode av "Jomfrua i isen" her:
Du kan høyre det i løpet av Krimtimen i P1, søndag kl. 14.03.
- Les mer om
Borgarkrig og røvarbandar
I november år 1139 er England herja av borgarkrig og fredlause røvarbandar. Keiserinne Maud og fettaren hennes Stephan, sloss om makta. Det er ei real familiefeide som tar med seg mange uskuldige i grava.
Under eit åtak på eit nonnekloster må det adelege søskenparet Hermina og Yves Hugonin, 18 og 14 år, rømme.
Seinare blir ein munk som var saman med dei, funnen skamslegen og nesten livlaus, men dei unge, og nonna Hilaria som fylgde dei, er sporlaust borte.
Kamp mot tida
Vil den lærde og kloke benediktinarmunken Cadfael – tidlegare sjømann, krigar og korsfarar, no gartner, apotekar og problemløysar i klosteret i Shrewsbury – klare å finne dei bortkomne før det er for seint . . . ?
Om produksjonen
Dramatisert av: Bert Coules
Omsett av: Ragnar Hovland
Produsent: Nils Nordberg
Musikk: Åsmund Feidje
Produksjonsleder: Camilla Berntzen
Lyddesign: Arne Barca
Regi: Carl Jørgen Kiønig
Blir også sendt i P1 mandag kl. 23.03.
«Jomfrua i isen» vart sendt første gong i 2000.