Hopp til innhold

I dag startar rettssaka mot Galliano

John Galliano er tiltalt for å ha kome med antisemittiske utsegn, men skuldar på alkoholmisbruk. Moteskaparen risikerer seks månader i fengsel og store bøter.

John Galliano

Moteskaparen John Galliano møter i retten i dag. Han er tiltalt for diskriminerande utsegn.

Foto: Jacques Brinon / Ap

Designaren John Galliano er tiltalt for å ha kome med diskriminerande utsegn basert på opphav og religion, etter at han skjelte ut fleire kafégjestar i Paris.

FASHION-FRANCE-JOHN-GALLIANO

Dette er han eigentleg kjent for: Kunstnariske klesplagg. Frå haust- og vinterkolleksjonen til John Galliano, 2010.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Afp

– Eg elskar Hitler. Folk som dykk skulle vore døde, mødrene og forfedrene dykkar skulle alle vore gassa, snøvla Galliano til gjestane som var av jødisk opphav.

Når rettssaka byrjar i dag, vil forsvararen hans leggje vekt på at designaren var påverka av alkohol og narkotika i gjerningsaugneblinken.

– Det er tydeleg at John Galliano var sjuk. Han var avhengig av både alkohol, valium og sovepiller. Den kombinerte effekten av desse stoffa er ein tilstand av komplett tåke, forklarte advokaten hans, Aurelien Hamelle, til Reuters før rettssaka.

Designaren har vore på avrusing sidan han vart sparka frå Dior og sitt eige merke, John Galliano, etter hendinga. Han vil sjølv vere til stade under rettssaka.

Kan få seks månader i fengsel

Geraldine Bloch, som er museumskurator og ein av dei fornærma, kjende ikkje Galliano personleg før han kom bort til kafébordet hennar og skjelte henne ut. Opptrinnet vart filma og videoen blei lagt ut på nettstaden til The Sun.

Galliano har sjølv beklaga hendinga, men hevdar at han ikkje hugsar noko av den.

Om han blir funne skuldig, kan han få ei bot på opp mot 22.000 euro og ei fengselsstraff på seks månader.

(Artikkelen held fram under biletet)

John Galliano

Merket John Galliano lever i beste velgåande sjølv om designaren er kasta ut. Fredag blir den første kolleksjonen som ikkje er signert Galliano vist i Paris.

Foto: Benoit Tessier / Reuters

John Galliano utan Galliano

Advokaten til Bloch, Yves Beddouk, seier til Reuters at ho ikkje er interessert i pengar. Han vil kjempe for ein symbolsk sum, heilt ned mot éin euro, og for at rettsavgjerda skal bli publisert i motemagasina Elle og Vogue, samt avisa Le Figaro.

Rettssaka byrjar klokka halv fire i dag og det er usikkert kor lenge den vil dra ut i tid.

Samtidig lever merket John Galliano vidare i beste velgåande. Fredag blir den første kolleksjonen som ikkje er signert Galliano sjølv vist under moteveka i Paris for herrekolleksjonar.

Dior eig heile 90 prosent av merket, og Galliano blei kasta ut av styret etter nazi-kommentarane. Men klesmerket held framleis namnet hans.

Briten overtok det kreative ansvaret hos Dior i 1996, og har fått mykje av æra for at motehuset økonomisk sett går så det susar.

Dior har varsla at dei vil kunngjere kven som blir ny sjefsdesignar i september, og norsk-amerikanske Peter Dundas (sjefsdesignar i Pucci, journ.merkn.) er nemnt som ein aktuell kandidat. I går vart det kjent at Azzedine Alaia hadde takka nei til jobben.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.