Johannes Gjerdåker er død
Poet Johannes Gjerdåker døydde måndag, 84 år gammal. Han var lokalhistorikar, filolog, forleggar, målmann, lærar og lyrikar – og omsettar. Både Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik og andre syng hans omsettingar. Gjerdåker fekk Bastianprisen forgjendiktingar av Robert Burns' «Dikt og songar» og Melsomprisen for det andre bindet med Burns. Han fekk også Kritikerprisen for beste omsetting for «Odar av Horats». (Kråkeviks hyllest til Gjeråker frå Vozzajazz 2016 er delt etter avtale.)