Dei fleste jenter på 20 år har helst Destinys Child, U2 eller andre popgrupper som sine førebilete. Berit Håpoldøy bryt alle fordommar. Ho ser opp til countryheltar som Dixie Chicks. I tillegg skriv ho sine eigne country- melodiar.
Byrja på gitaren
- Mi songkarriere starta i eit barnekor. Sidan 13-14 års alderen har eg spelt gitar. Det var då eg byrja å skrive mine eigne songar, seier Berit.
- Eg har alltid vore glad i synge og spele. Har høyrt på mykje forskjellig, men har dei siste åra interessert meg for nyare countrymusikk.
Berit har og vore vokalist i eit band som har haldt eit par konsertar. Til dagleg arbeider ho som kokk på eit bu og servicesenter i Bergen.
- Mellom brødbaking og fiskesteiking så får eg ofte melodiar i hovudet. Det blir etterkvart til gode countrysongar, forklarar ho.
Såg annonse i avisa
Berit har gått med ein liten draum i magen i lengre tid.
- Det eg verkeleg har lyst til er å få spelt inn min eigen cd på eit plateselskap. Eg har sendt inn demoen min til eit par plateselskap men har ikkje høyrd noko enno.
I ei lita avisannonse såg ho at det var mogeleg å spele inn sine eigne songar hjå musikar Frank Hovland i Bergen.
- Eg kasta meg rundt og spelte inn to låtar som eg vart svært fornøgd med. No er eg i ferd med å spele inn ein ny, forklarer Berit.
Countryhelt i Noreg ?
Nashville i USA vert gjerne rekna som countryhovudstaden i verda, for Berit er det ingen mål å slå igjennom der.
- Sjølvsagt har eg lyst å reise ein tur til USA og sjå korleis ein lagar country der. Men målet mitt er fyrst og fremst å slå igjennom her heime. Det kan vere vanskeleg, men eg er villig til å stå på, så får vi sjå om det dukkar opp nokon som er villig til å satse på meg.