Hopp til innhold

Jaktar på ei heilt ny stemme

Ina Sagstuen (24) sin veg mot songsuksess handlar om å eksperimentere og finne fram til noko heilt nytt. – Den største styrken hennar er viljen til å jakte på og finne si eiga stemme, seier jazzpianist Bugge Wesseltoft.

Ina Sagstuen

Ina Sagstuen under førebuingane til vårens eksamenskonsert.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Ina Sagstuen er ein av dei mest aktive og allsidige unge songarane i det norske jazzmiljøet. Vi vart med henne på forsommarens eksamensførebuingar – med eit av hennar mange bandprosjekt.

Les: Høyr dei nye norske stemmene

Høyr: Radioreportasje om Ina Sagstuen

Eksamenskonsert med open bar

Eksamen i jazz er ikkje heilt som andre eksamenar – når tidspunktet nærmar seg på Nasjonal Jazzscene i Oslo, er lysa dempa og baren er open. Men eksamenskandidaten slepp ikkje heilt unna eksamensnervar likevel:

– No går det ganske greitt, eg var meir nervøs tidlegare i dag, fortel Ina Sagstuen ei lita stund før ho skal synge for sensorar og andre tilhøyrarar.

– Når du veit at det sit ein jury i salen som har som oppgåve å analysere alt du gjer, blir det litt spesiell stemning. Det blir ikkje som ein vanleg konsert, det blir eksamen.

– Eg har fått høyre henne i tre ulike samanhengar, og synest ho har vore strålande i alle tre, seier jazzpianist og sensor Bugge Wesseltoft etter konserten.

– Den største styrken hennar er viljen til å jakte på og finne si eiga stemme. På denne konserten synest eg til dømes det kom seg gradvis, det vart meir og meir henne sjølv, og den siste halvdelen var fantastisk bra, synest eg.

Høyr frå Ina Sagstuens konsert (med Christian Winther og Johan Lindvall):

Valde bort handball for jazz

Ina Sagstuen vaks opp på Gjøvik med musikarpappa, og viste tidleg gode musikalske evner. Likevel tok idretten det meste av fritida i tenåra: Ho kom med på byens eliteserielag i handball i svært ung alder og var innom juniorlandslaget.

Det store vasskiljet kom då ho byrja på Sund Folkehøgskole på Inderøy i Nord-Trøndelag for fem år sidan.

– Det var då mi musikalske reise byrja for alvor. Skulen var proppfull av interesserte, nerdete og veldig flinke musikarar. Det året gav massevis av inspirasjon til å jobbe hardt med musikken.

– Ein har frie tøylar og alt er lov

Det var særskilt jazztradisjonen Ina vart oppslukt av etter året på Sund.

– Jazz var ein type musikk som appellerte til meg fordi den gjekk forbi det innstuderte. Ein må studere musikken for å få tradisjonen under huda, men etter det har ein frie tøylar og alt er lov, det aller meste er improvisert.

Det var eit klart val frå Ina si side å satse på musikken framfor idretten:

– Musikk tilfredsstiller meg på veldig mange plan i kvardagen, og handball gav meg ikkje det same utbyttet – sjølv om det framleis klør litt i fingrane når eg ser på kamp. Eg har også lært mykje av idretten som eg har teke med meg inn i musikken. Lagånd er til dømes like viktig i musikk som i handball. Ein spelar kvarandre gode på mykje av same måten.

Høyr Ina Sagstuen som vokalist i Karokh:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


– Alle vil spele med Ina

Ina Sagstuen er mellom anna vokalist i tolvmannsorkesteret (med fleire damer) Skadedyr, sjumannsbandet Karokh, firemannsbandet Sagstuen og familiebandet Father's Finest. For å nemne noko.

– Alle vil spele med Ina, enten dei har impro- eller popbakgrunn, forklarer gitaristen Christian Winther, Inas medspelar på eksamen og ein av musikarane Ina Sagstuen spelar mest med.

Sjølv vil ikkje Ina gå heilt med på at «alle» i det unge jazzmiljøet vil spele med henne, men ho innrømmer at ho har mange prosjekt å boltre seg i:

– Det er jo veldig gøy når folk spør om vi kan jobbe i lag, og eg har nok litt vanskeleg for å seie nei, ler ho.

– Det er eit indre dilemma at eg nok burde velje ei tydelegare retning. Samstundes synest eg alle prosjekta eg er med på har mitt sound på eit eller anna vis. Så eg er ikkje så bekymra for det enno, og eg har jo to år til som student som eg kan bruke til utforsking.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.